Noregsmeisterskapen i handball 1983 for menn enda med triumf for Fjellhammer Idrettslag gjennom finalesiger 14–13 over Sportsklubben Rapp frå Trondheim.

Finalen Finalen vart avvikla i Nidarøhallen sundag 18. desember 1983 framfor 2 100 tilskodarar. Rapp opna best, før Fjellhammer tok leiinga fyrste gong og leia 7–6 ved pause. Etter pause var det framleis heilt jamt, inntil Rapp gjekk opp i 13-11. Deretter skåra Fjellhammer tre strake mål og sikra seg sin tredje kongepokal med sluttsiffera 14–13.

Fjellhammer sine mål kom frå Kåre Ohrvik 5, Roar Niberget 3, Roger Mathisen, Espen Olsen, 2 begge, Sten Osther og Jan Erik Eldeby eitt kvar.

Rapp-måla kom frå Frode Singstad 5, John Lonar 3, Atle Kvamvold 2, medan Ketil Arntzen, Lars Havdal og Rikard Klein skåra ein gong kvar.

Rapp vart straffa med 4 tominutts-utvisingar, Fjellhammer med 3.

Kjelder Arbeiderbladet, 19. desember 1983

1983 Kategori:Noregsmeisterskap i 1983 Kategori:Handball i 1983