Lorentz Johannsen () var ein dansk-norsk grosserar i Trondheim. Han var stortingsmann frå Trondheim i 1818 og 1821-22.
Johannsen var svigerson til kjøpmann Hans Knudtzon, og tok med tida over som sjef i handelshuset Hans Knudtzon & Co. Johannsen tok initiativ til opprettinga av ein børs i Trondheim og Trondhjems Sparebank. I 1813 deltok han på møtet i Kristiania om å opprette Noregs Bank. Både før og etter 1814 arbeidde han for eit norsk bankvesen, og var medlem av representantskapet i Noregs Bank frå 1821.
I 1818 representerte Johannsen Trondheim i Stortinget. Her var han med i heile 13 komitear, mellom dei om bank og pengestell, budsjettkomitten, borgarskapslova, brennevinsbrenning, unionelle tilhøve, veksellova og interimsregjeringa. Møtte også i 1821-stortinget og omframtstortinget 1822. I 1821 var han med i 15 komitear, formann i fem av dei. Han var formann i komiteen om den oppheva riksbanken, om rettspleia under lofotfisket, Desisjonskomiteen. Også i 1822 medlem i fleire komitear; Statslånkomiteen og oppgjeret med Danmark, slottsbygninga, Budsjettkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Trondheim