mini Pave Leo XIV (), døypt Robert Francis Prevost, er nr. 267 i paverekkja. Han blei vald som etterfølgjer for pave Frans den 8. mai 2025.
Leo XIV er den fyrste paven frå USA og den føyste paven frå den katolske munkeorden augustinarane., besøgt 10. maj 2025. Han budde mange år i Peru, og var både peruansk og amerikansk statsborgar då han blei vald til pave. Han hadde arbeidd i Vatikanet sidan 2019, og stod nær forgjengaren sin pave Frans. Han er i høgare grad enn denne blitt rekna som ein brubyggjar mellom fløyene i den katolske kyrkja.
Liv og virke Robert Francis Prevost blei fødd i den amerikanske storbyen Chicago. Mor hans var bibliotekar av spansk avstamming og hans far var lærar og tidlegare marinesoldat av fransk og italiensk avstamming., besøgt 10. maj 2025. Han gjekk på ein skule som blei driven av augustinarordenen. Han tok bachelorgrad i matematikk ved katolske Villanova University i Pennsylvania i 1977. Same året slutta han seg til augustinarordenen som novise for etterkvart å bli katolsk prest. Han avla munkeløfte i 1981, besøgt 10. maj 2025. og blei presteordinert i Rommar i 1982. Frå 1982 til 1987 studerte han kyrkjerett ved Universitá di San Tomaso d'Aquino i Roma, og fekk han ein ph.d.-grad her i 1987.
Peru Prevost utførte størstedelen av prestegjerninga si i Peru, og blei statsborgar i landet i 2015. Han blei fyrst send som katolsk misjonær til landet i 1985. I 1987 blei han ansvarleg for det augustinske utdaningsvesenet i landet. Frå 1988 til 1998 var han sokneprest i ein fattig bydel i byen Tonjillo., besøgt 10. maj 2025.
Frå 1998 til 2001 var han leiar for augustinerordenen i Peru. I 2001-2013 var han generalprior for heile den verdsomspennande augustinarorden og hadde sete i Roma, men vende tilbake til Peru då han blei utnemnd til biskop i den peruanske byen Chiclayo i 2014 av pave Frans., besøgt 10. maj 2025.
Vatikanet Frå 2019 fekk Prevost fleire oppgåver for Vatikanet. Dette året blei han leier for presteskapet (Congregazione per il Clero), og året etter blei han leiar av kongregasjonen av biskopar (Congregazione per i Vescovi). I 2023 blei han utnemnd til erkebiskop med ansvar for Latinamerika., besøgt 10. maj 2025.
I 2023 blei Prevost utnemnd til kardinaldiakon av pave Frans, og i februar 2025 til kardinalbiskop. Han var dermed medlem av den romerske kurien, det sentrale embetsverksorganet til den katolske kyrkja, frå 2023. Her fungerte han som leiar for avdelinga av den katolske kyrkja som står for å velja nye biskopar.Stor overraskelse: Den nye pave er kardinal fra USA. Artikel på politiken.dk 8. maj 2025.
Prevost stod pave Frans nær. Prevost blei utnemnd til medlem av fleire pavelege råd, og var med på alle reisene til pave Frans i den siste tida denne hadde som pave., besøgt 10. maj 2025.
Som pave heldt Leo på valspråket han hadde teke som biskop: «In illo uno unium», dvs. ‘I den eine Kristus er me eitt.’ Dette er eit sitat frå ei preike av Augustin, og viser dermed til bakgrunnen hans som augustiaermunk og ambisjonen hans om å vera ein brubyggjar. Det peruanske bispedømet hans var sterkt splitta mellom radikale frigjeringteologar og ultrakonservative prestar som var sterke motstandarar av reformønska til pave Frans. Prevost blei kjend som ein brubyggjar i bispedømet., besøgt 10. maj 2025.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pave Leo 14.» frå , den 29. mai 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Chicago Kategori:Pavar