Fossumbåt er ein bruksbåttype som har vore brukt ved tømmerfløyting og fiske i Glomma.
Embret Fossum frå Heradsbygd i Elverum bygde den første båten i 1892. Truleg låg fløytarbåtar frå Våler til grunn for dei første båtane. Embert Fossum bygde 732 båtar. To søner, Arvid og Birger førde båtbygginga vidare etter faren. Då dei gav seg, var talet på fossumbåtar kome opp i minst 1515. Fossumkarane var tømmerfløytarar og hadde eigne erfaringar når dei bygde båt.
Fossumbåtane vart godt likt av tømmerfløytarar. Dei vart rekna som lette å ro, gode å manøvrere og stabile når det skulle roast i fossar og arbeidast med lenser.
Liksom det var vanleg på båtar i Glomma, vart dei bygde av mange smale bord som var samanhangande i heile båtlengda. Det var ikkje tverrgåadne avstivingar. Roaren sat på ei laus fjøl (tofte). Så det var greitt å arbeide i båten utan hindringar.
Båtane hadde grove årekipper/keipar. Det vart rodd med heller korte årar i elva. Båtane kunne og verte staka. Etter krigen vart det bygd fossumbåtar med spegel, til bruk med påhengsmotor.
Kjelder
Kategori:Norske båttypar Kategori:Norske innlandsbåtar Kategori:Glommavassdraget