Tor Edvin Helland () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Arna i Hordaland. Han vann tre kongepokalar og ein seriemeisterpokal med Fredensborg/Ski åra 1981-84. Helland var rykkromspelar og storskytar.

Karriere Klubbspel Helland var aktiv fleire sesongar på Bjørnar sitt lag frå 1975 til -80. Sommaren 1980 melde han seg inn i topplaget Fredensborg/Ski og bidrog med sine mange skåringar til at oslolaget vann cupfinalen 1981, 1. divisjon 1982, cupfinalen 1982 og cupfinalen 1984. Ut på hausten 1986 la han opp, etter å ha vore hemma av vedvarande ryggplager. Sidan var han trenar for ulike lag i mange sesongar.

Landslagsspel Frå 25 juli 1979 til 8. august 1986 deltok Helland i 110 av Noregs landskampar og noterte seg for 395 skåringar.

Merittar Noregsmeister: 1981, 1982 og 1984 for Fredensborg/Ski Seriemeister: 1982 for Fredensborg/Ski

Kjelder

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Bergen