mini|Frå Oslo Pride-paraden i 2018.
Oslo Pride er ein festival og eit kulturarrangement i Oslo som blir arrangert i siste halvdel av juni kvart år. Festivalen er for alle menneske som støttar eller kjenner tilknyting til LHBTI+-rørsla, det vil seie lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og intersex-personar.
Festivalen blir arrangert av FRI Oslo og Viken, og er den største pridefestivalen i Noreg, med om lag 450 000 besøkande og deltakarar i løpet av dei ti dagane han varer. Programmet omfattar seminar, filmfestivalar, konsertar, kunstutstillingar, show, politiske debattar og eit festivalområde på Kontraskjæret ved Akershus festning.
Det største og mest synlege enkeltarrangementet er Pride-paraden, som går av stabelen siste dagen av festivalen. Dei siste åra har paraden samla om lag 50 000 deltakarar.
Om festivalen Festivalen har røter tilbake til 27. juni 1974, då ei gruppe skeive arrangerte den første offentlege markeringa av Stonewall-opprøret. Markeringa samla 250 personar på Universitetsplassen i Oslo. Det første offisielle arrangementet med parade fann stad i 1982, og sidan då har festivalen vokse i omfang. I løpet av 1990-åra vart festivalen utvida til ti dagar – med seminar, foredrag, debattar, konsertar og festar rundt om i Oslo.
Oslo Pride består av Pride Park, Pride House, Mini Pride, Pride-paraden og Oslo Pride Business Forum. Pride Park er hovudarenaen til festivalen og blir bygd opp på Kontraskjæret. Parken har fire scener (Hovudscena, Bamsescena, Kulturscena og Studio 72), barar, serveringsstader og stands frå ulike interesseorganisasjonar og samarbeidspartnarar. I 2023 vart Pride Park flytta til Kontraskjæret for å auke kapasiteten og innhaldet. I 2024 vart parken mellombels flytta til Sofienbergparken grunna Fotballfesten, men er tilbake på Kontraskjæret frå 2025. Tidlegare har Pride Park vore på Rådhusplassen (2013–2014) og Spikersuppa (2015–2022).
I 2023 vart Mini Pride arrangert i bakgarden til Myntgata 2, Pride House i Legenes Hus og Oslo Pride Business Forum på Clarion Hotel Bjørvika.
Ifølgje arrangørane samla Oslo Pride 450 000 deltakarar og besøkande i løpet av festivalen i 2019.
Heile festivalen blir planlagd og driven av frivillige, med rundt 100 heilårsfrivillige og 450 frivillige under sjølve festivalen. Dagleg leiar i 2023 var Dan Bjørke. Festivalen er eigd av FRI Oslo og Viken.
I 2020 blei den fysiske festivalen avlyst og halden digitalt grunna koronapandemien. I 2021 blei festivalen gjennomført med kohortinndelingar og eit avgrensa tal på gjester i Pride Park.
Pride-paraden Det største enkeltarrangementet under festivalen er paraden som går av stabelen den siste laurdagen. Paraden startar i Grønlandsleiret og går gjennom Grønland, rundt Oslo City, via Kirkeristen, Stortorvet, Grensen og Rosenkrantz’ gate, før han endar på Karl Johans gate og festivalområdet i Spikersuppa.
Paraden samlar deltakarar – både skeive og heterofile – frå ei rekkje bedrifter, organisasjonar, politiske parti og offentlege etatar. Ifølgje arrangørane samlar paraden om lag 50 000 deltakarar og opp mot 300 000 tilskodarar i Oslo sentrum.
I 2020 måtte paraden avlysast for første gong på grunn av koronapandemien. Som erstatning blei det arrangert eit fleire timar langt digitalt paradeshow, som var del av det digitale festivalprogrammet. Adam Schjølberg, Else Kåss Furuseth og Frida Marida leia den digitale direktesendinga.
I 2022 vart paraden avlyst for andre gong, som følgje av ei terrorhandling mot skeive i Oslo den 25. juni 2022. Året etter, i 2023, deltok mellom 85 000 og 90 000 personar i paraden – noko som sette ny norsk rekord i antal deltakarar i ein Pride-parade.
I 2024, då Pride Park var mellombels flytta til Sofienbergparken, fekk paraden ein alternativ rute. Ho starta i Grønlandsleiret, gjekk gjennom Grønland]] til Kirkeristen, via Storgata og Thorvald Meyers gate, og enda i Sofienbergparken. Arrangørane anslo om lag 70 000 deltakarar det året.
Historie Arrangementet blei oppretta som ein gay pride-festival arrangert av dåverande LLH Oslo og Akershus i 1982. Festivalen heitte først «Homodagene», seinare «Skeive dager», før han fekk namnet «Oslo Pride» i 2014.Protokoll fra årsmøtet i LLH Oslo og Akershus 2014
Oslo har vore vertskap for det internasjonale pridearrangementet Europride to gongar: i 2005 og 2014.
Frydprisen og æresprisen Frydprisen, tidlegare kalla Homofrydprisen, er ein årleg pris som blir gitt til ein eller fleire personar, bedrifter eller organisasjonar som det siste året har gjort ein særleg innsats i kampen for rettane til homofile, lesbiske, bifile og transpersonar. Prisen har vorte delt ut sidan byrjinga av 1980-åra.
Æresprisen, tidlegare kalla «Årets æreshomo», blir tildelt ein person, aktør, organisasjon eller gruppe som «på ein framifrå måte har gjort ein særskilt innsats for skeive personar sin posisjon i det norske samfunnet». Prisen har blitt delt ut sidan 1992.
Frydprisen og Æresprisen er dei to mest prestisjefylte heidersprisane i den norske homorørsla, og dei blir begge delte ut under Oslo Pride.
Frydprisen År Mottakarar2024Remi Johansen Hovda2023Støttegruppa 25. juni2022Lise Klaveness2021Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI)2020Snapchat- og instagram-kontoen Hverdagsskeiv2019Helsestasjonen for kjønn og seksualitet2018Kari Veiteberg2017Skam ved skodespelarar og serieskapar Julie Andem2016Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)2015Skeivt arkiv2014Amnesty International Norge2013Svolvær menighet2012Kristin Halvorsen2011Akershus Fotballkrets2010 TV-dokumentarserien og deltakarane i Jentene på Toten2009Landsorganisasjonen i Norge2008Magnhild Meltveit Kleppa2007Naturhistorisk museum for utstillinga «Mot naturens orden?»2006Biskop Rosemarie Köhn2005 Oslo bispedømmeråd2004Wenche Foss2003Gry Jannicke «J-Diva» Jarlum2002Shabana Rehman2001Karita Bekkemellem2000Kronprins Haakon1999Elisabeth Ohlson 1998ukjent1997Simon Flem Devold1996Leo Burnett1995Karol Svanøe og Halvor Moxnes1994Tronsmo Bokhandel1993NRKs U-redaksjon ved Tonje Steinsland1992Berit Aalborg1991Trond Jensrud og Jan Erik Fåne1990ukjent1989Else Myklebust1988Kirkens Bymisjon i Oslo1987Ritha Jørgensen og Roy Larsen1986Fredrik Mellbye1985Yngve Horn og Wenche Lowzow1984Foreldregruppa for foreldre med homofile barn1983ukjent1982ukjent
Æresprisen År Mottakarar2024Skeiv Ungdom og Aasmund Robert Vik2023Skeivt kunst- og kultursenter (SKOKS)2022Arne Kielland (posthumt)2021Oslo Fagottkor2020Guro Sibeko2019Reidar Engesbak2018HivNorge2017Esben Esther Pirelli Benestad2016Kim Fangen2015Luca Dalen Espseth2014Blikk2013Susanne Demou Øvergaard, generalsekretær i Skeiv verden2012Hanne Børke-Fykse ved Rosa kompetanse2011 Svein Fuglestad, kulturleder ved Aksept2010 Kari Folvik2009 André Oktay Dahl og Anette Trettebergstuen2008 Kjell Erik Øie2007 Erling Lae2006 Gaysir2005 Rolf Angeltvedt i Helseutvalget for bedre homohelse2004 Åpen Kirkegruppe2003 Svein Skeid2002 Virusgruppa2001 Sissel Hansen og Marianne Larsen ved utestaden Potpurriet2000 Brita Møystad Engseth1999Arne Walderhaug1998Turid Eikvam1997De homofiles filmklubb Skeive filmer1996Per Kristina Roghell1995Kjell Erik Øie1994Terje Strømdahl1993Kim Friele1992Karin Enderud
Homofobprisen Fram til 2009 blei det også delt ut ein såkalla homofobpris, Årets homofob, til ein person eller organisasjon som hadde jobba mot rettane til homofile og skeive. I 2009 avvikla FRI Oslo og Viken (då LLH Oslo og Akershus) prisen, for i staden å rette merksemda mot dei positive prisene Frydprisen og Æresprisen. År Mottakarar2008Ulf Erik Knudsen2007Arne Bjørn Hansen, sokneprest i Ås menighet2006Dagbladet2005 Norges Fotballforbund2004Framstegspartiet2003Frelsesarmeen2002Lena Larsen, leiar i Islamsk råd2001Norsk Psykoanalytisk Forening2000Norges idrettsforbund1999Pinserørsla i Noreg1998Regjeringa Bondevik I1997Forsvarets overkommando1996Per Sundby1995Rolf Nyhus1994Hans J. Røsjorde1993Finn Jarle Sæle, redaktør i Dagen 1992Svein Alsaker1991Andreas Aarflot1990ukjent1989ukjent1988Noregs KFUK-KFUM1987Kåre Rånes, for opplysningsfilmen Den lille forskjellen1986Ada Haug, programredaktør i NRK1985Regjeringa Willoch1984Ikkje delt ut på grunn av for mange «'verdige' mottakere»1983ukjent1982ukjent
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oslo Pride» frå , den 5. juni 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:LHBT Kategori:Festivalar i Noreg