Cupfinalen i fotball 1991 var den 86. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 20. oktober på Ullevaal Stadion i Oslo. 27 240 tilskodarar såg Strømsgodset Idrettsforening frå Drammen sikre seg den stor kongepokalen gjennom siger over Trondheims-laget Rosenborg Ballklub med 3 mål mot 2. Roy Helge Olsen dømde oppgjeret.
Kampen Rosenborg sjokkopna då Roar Strand i det 3. minutt finta seg fri på venstresida, og slo tilbake frå dødlinja til Karl Petter Løken som enkelt plasserte ballen i målburet. Odd Johnsen utlikna til 1–1 i det 14. minutt. Frå drygt 20 meter sende han avgarde ein markkrypar som rulla inn i motsett hjørnet av målet. I det 28. minutt stanga same karen ballen i nettet etter hjørnespark frå høgre. Rosenborg-målvakta burde ha hindra begge desse skåringane. 25 minutt ut i den andre omgangen fauk eit langskot frå SIF-spelaren Trond Nordeide over RBK-målvakta og i motsett vinkel. Straks etter reduserte Gøran Sørloth for RBK då han tverrvende og frå 8-9 meter pirka ballen forbi målvakta.
Laga Strømsgodset sitt vinnarlag bestod av Frode Olsen, Vegard Hansen, Frode Johannessen, Arne Erlandsen, Jan Wendelborg, Glenn Knutsen, Trond Nordeide, Geir Andersen, Halvor Storskogen (kaptein), Odd Johnsen og Kenneth Nysæther. Juro Kuvicek kom i spel det siste kvarteret, Arne Gustavsen i sluttsekunda.
Rosenborg stilte med Ola By Rise, Øivind Husby, Bjørn Otto Bragstad, Rune Tangen, Trond Henriksen, Kåre Ingebrigtsen, Stig Enlid, Bent Skammelsrud, Karl Petter Løken, Gøran Sørloth og Roar Strand. Siste 13 minutta spelte Hugo Hansen i staden for Enlid.
Kjelder Arbeiderbladet, 21. oktober 1991
Kategori:Fotball i Noreg i 1991 Kategori:NM i fotball Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo