Zambratija-vraket er restane etter ein båt frå sein bronsealder. Det vart funne i i 2008 på grunt vatn i Zambratijabukla nær Umag på den kroatiske halvøya Istria, i Adriahavet.

Delen av båten som vart funnen er 6,7 meter lang. Båten er rekonstruert til ei lengd på 9,11 meter. Han var utan last. Ut i frå utsjånad har han vorte vurdert som ein robåt til rask transport langs kysten eller på elvane i området. Zambratija-vraket er datert frå, det 12 til det 10. hundreåret fvt. Det er det eldste funnet av farkost med sydde bord i Middelhavet.

Båten har ein kjølliknande botnplanke av alm. Oppbordinga, som og er av alm, er utført i ein særmerkt syteknikk. Borda er lagde kant i kant Dei er samansydde med plantefibrar som går gjennom skråkanalar i plankekantane. Over saumane, mellom borda, er lagde granlekter, som vert halde på plass av syfibrane. Under lektene syter eit lag bek for at samanbindinga vert så tett som råd. Små trepluggar låser syfibrane, og er med å tette hola.

Innvendig har båten vorte forsterka med band som er surra til bordinga. Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zambratija shipwreck» frå , den 9. juni 2025.

Fotnotar

Kategori:Bronsealderen Kategori:Marinarkeologi Kategori:Båtbygging Kategori:Arkeologiske funn i Kroatia Kategori:Samansauma båtar