Meisterligaen i handball 2023 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til 10. september 2022. Turneringa med 16 deltakande lag opna med seriespel i to grupper à 8 lag. Dei to beste laga i dei to gruppene gjekk rett til kvartfinalane, laga på plassane 3-6 møttest til cupspel om plass i kvartfinalane. Laga som vann kvartfinalane møttest til sluttspel i Budapest 3. og 4. juni.

IK Våg/Vipers frå Kristiansand vann turneringa gjennom finalesiger 28–24 over ungarske Ferencváros TC. Dermed gjekk det norske laget topps for tredje gong i rad. I semifinalen vann Våg/Vipers 33–27 over ungarske Győri ETO. Tidlegare slo Vipers ut rumenske Rapid Bucuresti med 71 mot 56 i kvartfinalane. Det var fjerde gongen eit norsk lag vann EHF-meisterligaen.

Sluttspelet Semifinalane: IK Våg/Vipers – Győri ETO 37 – 35 Ferencváros TC – Team Esbjerg 30 – 29 Bronsefinalen: Győri ETO – Team Esbjerg 28 – 27

Finalen IK Våg/Vipers – Ferencváros TC 28 – 24

Vipers starta best og halvvegs i fyrste omgangen stod det 9–4 på måltavla. Sidan i omgangen knappa Ferencváros inn på leiinga, til 10–13 og heilt på tampen til 13–14. Også i den andre omgangen opna Vipers best, etter ti minutta leia laget 21–15. Sju minutt før slutt leia Vipers med åtte mål, 27–19. Sidan kontrollerte mannskapet inn til siger 28–24.

Anna Vjakhireva og Sunniva Andersen skåra kvar sine 6 mål for Vipers. Jamina Roberts fann vegen til nettmauskane 5 gongar, Markéta Jeřábková 4, Jana Knedlíková 3, Lysa Tchaptchet, Ana Debelić, Ragnhild Valle Dahl, Tuva Høve og Katarina Ježić, alle noterte seg for ei skåring.Silje Waade kom ikkje på skåringslista. Katrine Lunde og Sofie Börjesson var målvakter.

Emily Bölk og Andrea Lekić skåra begge 5 mål for Ferencvaros.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «EHF Champions League der Frauen 2022/23» frå , den 11. juni 2025.

Kategori:Handball Kategori:Handball i 2023