Jørgen Herman Vogt () var ein norsk pressemann og politikar. Han representerte frå 1945 til og med 1949 kjøpstadene i Trøndelag på Stortinget, vald for Norges Kommunistiske Parti.

Bakgrunn Vogt var son av Johan Herman Lie Vogt (1858–1932) og Martha Johanne Abigael Kinck (1861–1908). Han voks opp i Oslo og Trondheim. Faren var professor i geologi og mineralogi ved det nystarta NTH frå 1911 til 1929. Broren Thorolf Vogt (1888–1958) overtok som professor i 1929. Ein annan bror, Fredrik Vogt (1892–1970), var sjef for vassdragsvesenet, men bleo professor i mekanikk ved NTH i 1931. Jørgen hadde ein tvillingbror, Johan Vogt (1900–91), som blei samfunnsøkonom og i 1957 professor i Oslo. Systera Margit Vogt (1897–1975) var frem til 1939 gift med motstandsmannen Martin Linge, og i 1940 med Odd Havrevold.

Frå 1919 studerte Vogt sosialøkonomi i Oslo og Kiel. Samstundes engasjerte han seg i politikk. Då Det norske Arbeidarparti i 1923 vart kløyvd, gjekk Vogt og fleirtalet i partiet i Trondheim med i Norges Kommunistiske Parti. Frå 1930 til 1931 studerte han ved Komintern sin Lenin-skule i Moskva.Side 371. Ole Martin Rønning: Stalins elever. Kominterns kaderskoler og Norges Kommunistiske parti 1926-1949. Doktoravhandling i historie, Universitetet i Oslo 2010.

Vogt gifta seg i 1923 med Pauline Lie (1897–1976).

Virke 1923-24 var Jørgen Vogt redaktør i avisa Klassekampen. Frå 1934 til -39 var han redaktør for Ny Tid, NKP-avisa i Trondheim.

I 1940 var Vogt ein leiande kommunist i Trøndelag. Han var bystyrerepresentant i Trondheim og medlem i distriktsstyret åt NKP.Ole Martin Rønning: Stalins elever, Universitetet i Oslo 2010. Side 298. Etter at partiet vart forbode i august 1940 heldt medlemer fram aktiviteten i det skjulte. Året etter klarte Rinnan-banden å infiltrere partiet sitt nettverk i Trondheim, og rulle opp store delar av organisasjonen. Hausten 1941 vart om lag 50 personar arrestert. Vogt vart teken 9. oktober. Etter ei tid i Falstad fangeleir vart han overført til Grini. Der sat han til Nazi-Tyskland kapitulerte.Kristian Ottosen: Nordmenn i fangenskap 1940-1945, Universitetsforlaget, 2. utg. Oslo 2004. Side 708.

Oppslutnaden til Norges Kommunistiske Parti etter andre verdskrigen førte til at Ny Tid kom i gong att, også då med Jørgen Vogt som redaktør. Han leia avisa frå juli 1945 til ho vart lagt ned i mai 1947. 1947-58 og 1965-67 var Vogt redaktør for Friheten i Oslo, kommunistpartiet sitt hovudorgan. I tida 1962-65 var han politisk sekretær i NKP. Han var ein av hovudaktørane i det såkalla Vogt-oppgjøret, noko som førte til at han i 1967 la ned vervet sitt i partileiinga.

Vogt var medlem av bystyret i Trondheim frå 1935 til 1951 og varamann til Oslo bystyre 1960-63.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jørgen Vogt» frå , den 12. juni 2025.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Stortingsrepresentantar frå NKP Kategori:Politikarar frå Oslo