Gísli Þorgeir Kristjánsson () er ein islandsk handballspelar som frå 2020 har spelt for SC Magdeburg. Han vann EHF-meisterligaen 2023 og 2025 for SC Magdeburg. I 2023 vart han kåra til årets idrettsutøvar på Island. Gísli er ein fintesterk, midtre rykkromspelar.
Karriere Klubbspel Gísli Kristjánsson debuterte på Hafnarfjörður i sesongen 2015/16, men det var fyrst i sesongen etter han slo gjennom. Sommaren 2018 flytta han til det tyske topplaget THW Kiel. Med Kiel vann han DHB-pokalen i 2019 og bundesligaen i 2020. Deretter skreiv han kontrakt med SC Magdeburg. Våren 2021 gjekk han og lagkameratane til topps i EHF-europaligaen. Eitt åra seinare enda det med finaletap i same turneringa, derimot triumferte Magdeburg i bundesligaen. Våren 2023 vart Gísli kåra til årets spelar i bundesliga og til bestemann i finalespelet i EHF-meisterligaen, ei turnering som SC Magdeburg vann. 2024 vann Magdeburg både DHB-pokalen og bundesligaen. 15. juni 2025 vart Gísli toppskårar med 8 nettkjenningar då Magdeburg slo Füchse Berlin i finalen av EHF-meisterligaen.
Landslagsspel Gísli har spelt på det islandske landslaget sidan 26. oktober 2017. Per 2025 har han delteke i 68 landskampar og skåra 149 mål.
Merittar Vinnar av EHF-meisterligaen: 2023 og 2025 for SC Magdeburg Vinnar av EHF-europaligaen: 2019 for THW Kiel – 2021 for SC Magdeburg Vinnar av EHF-europaligaen: 2022 for SC Magdeburg Tysk ligameister: 2020 for THW Kiel – 2022 og 2024 for SC Magdeburg Vinnar av DHB-pokalen: 2019 for THW Kiel – 2024 for SC Magdeburg Finalist om DHB-pokalen: 2022 og 2023 for SC Magdeburg
Ymse Mora Þorgerður Gunnarsdóttir er islandsk utanriksminister sidan 2024.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gísli Kristjánsson» frå , den 1. juli 2025.
Kategori:Islandske handballspelarar Kategori:Folk frå Reykjavík