Interstellare objekt er himmellekamar som ikkje er bundne av tyngdekrafta til ei stjerne. 1I/ʻOumuamua er det fyrste oppdaga interstellare objektet som har passert gjennom solsystemet, og vart oppdaga i 2017. Per juli 2025 er det tre kjende interstellare objekt som har fare gjennom solsystemet.

Etter gjeldande teoriar vert dei fleste interstellare objekta danna i skiver av gass og støv kring unge stjerner, før dei vert skuvne av tyngdekrafta til ein planet på ein slik måte at dei får kurs ut av stjernesystemet.

Kjelder