Marita Karlsen () var ein norsk symjar og lærar frå Fauske, medlem i Fauske Svømmeklubb. Ho vart tildelt kongepokal under NM i symjing 1975 for sin prestasjon i 400 meter medley.
Åra 1972 til 1980 vann Karlsen 12 gullmedaljar, 9 sølvmedaljar og 6 bronsemedaljar i norske meisterskap på langbane. I kortbane-meisterskapane sanka ho 19 medaljar (7-6-6) Medaljane kom i frisymjing, brystsymjing, butterfly og medley. Gjennom åra forbetra ho norske rekordar ved mange høve. Under Europameisterskapen i symjing 1977 kom ho på åttandeplassen i 400 meter medley.
Karlsen døydde av kreft.
Kjelder
Avisa Nordland 4. mars 2023
Denne artikkelen bygger på «Marita Karlsen» frå , den 31. juli 2025.
Kategori:Norske symjarar Kategori:Folk frå Fauske