Barrakudafamilien (Sphyraenidae) er ein familie av store, gjeddeliknande rovfiskar som berre lever i saltvatn. Barrakudaer er kjende for storleiken sin (opptil 1,8 m). Namnet «barrakuda» er avleidd frå spansk, med eit mogleg opphav frå karibspråk.

Det finst barrakudaer i nær alle varmare hav. Dei held til nær toppen av vatnet og nær korallrev og sjøgras.

Sportsfiskarar driv ofte fiske etter barrakuda. Sjølv om det finst døme på at dei går til åtak på menneske, er barrakudaer primært fiskeetarar.

Familien blei skildra og namngjeven av Constantine Samuel Rafinesque i 1815.

Sphyraena er den einaste slekta i familien Sphyraenidae, som er den einaste familien i underordenen Sphyraenoidei i ordenen piggfinnefiskar. Tidlegare var han plassert i underordenen Scombroidei, i lag med m.a makrell, tunfisk og sverdfisk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Barracudaer» frå , den 7. august 2025.

Bakgrunnsstoff

Taxonomicon – Genus Sphyraena Kategori:Piggfinnefiskar Kategori:Fiskefamiliar