Wilhelm Olsen () var ein norsk sakførar og politikar, fødd i Kristiania.

Far hans var fut, sjølv studerte han til cand.jur. i 1874. 1875-79 var han byfullmektig i Stavanger, deretter eitt år sorenskrivarfullmektig i Eigersund. Frå 1882 overrettssakførar i Stavanger, i 1890 konstituert borgarmeister i byen.

1890 møtte Olsen i Stortinget som varamann frå kjøpstadene i Rogaland, sju dagar i juli. Medlem i Kyrkjekomiteen. Valperioden 1892-94 fyrsterepresentant til Stortinget frå valkrinsen Stavanger og Haugesund. I 1892-93 var han medlem i Protokollkomiteen, 1893 med i den forsterka Jarnbanekomiteen. 1894-sesjonen møtte han ikkje i Stortinget.

Olsen var ugift, busett i Nedre Eiker frå 1897.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Stavangeren 11. juni 1931

Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Oslo