Oskemåse (Larus heermanni) er ein måseart som held til i USA, Mexico og det sørvestlegaste British Columbia. Nesten alle hekkar på Isla Rasa i Californiabukta. Arten finst som regel nær kysten eller ute på havet, og vert berre sjeldan observert i innlandet.

Arten er kalla opp etter Adolphus Lewis Heermann, ein US-amerikansk naturforskar og oppdagingsreisande frå 1800-talet.

Skildring

Oskemåsen har ei kroppslengd på 46–53 cm; kroppsmassen ligg i området 371–643 gram. Kjønna er like, men hannar har i gjennomsnitt om lag 17 % større masse enn hoer. Denne arten skil seg tydeleg frå andre måseartar. Vaksne fuglar har grå kropp, mørkgrå til svartgrå venger og hale med kvite kantar, samt eit raudt nebb med svart spiss. Hovudet er mørkgrått utanom hekkesesongen, men heilt kvitt i hekkedrakt.

Ungfuglar liknar ikkje-hekkande vaksne, men er mørkare og meir brunfarga. Nebbet er rosa til den andre vinteren. Nokre få individ, om lag 1 av 200, har kvite handdekkarar, som dannar ein synleg kvit flekk på oversida av vengen.

Denne måsen er lett å kjenne att – han er den einaste grålege måsen med kvitt hovud på vestkysten av Nord-Amerika.

Lætet er djupt og liknar dei hjå andre måsar, men har ein distinktiv klang.

Utbreiing Av ein samla bestand på om lag 150 000 par hekkar rundt 90 % på Isla Rasa utanfor Baja California i Californiabukta, medan mindre koloniar finst nordover til California og sørover til Isabela Island og Islas Marías i Nayarit, Mexico. Den einaste kjende hekkekolonien på fastlandet i USA ligg i byen Seaside i California. Etter hekkesesongen spreier fuglane seg ofte nordover til sentrale California, sjeldnare heilt til British Columbia i nord og til Guatemala i sør.

Oskemåsen et småfisk som brisling, marine og pelagiske krabbar og krepsdyr, blekksprut, andre virvellause dyr, øgler, insekt, matavfall og åtsel. Han stel av og til byttedyr frå andre sjøfuglar, særleg frå brunpelikanen, som han ofte følgjer.

Vanlegvis hekkar arten første gongen etter fire år, nett som mange andre måseartar hekkar dei i tette koloniar på bakken. Tettleiken kan vere så høg som 20 reir per 100 m² på Isla Rasa. Hoa legg vanlegvis to eller tre egg, som er gråbrune til gulbrune med grå og brune flekker.

Galleri

Vernestatus

Isla Rasa vart verna som fuglereservat i 1964. Innsamling av egg og uro under hekkesesongen er forbode. Sidan nesten heile hekkebestanden er samla på ei lita øy, er arten sårbar for øydeleggjande vêrhendingar. Hekkesuksessen er òg sterkt avhengig av tilgangen på byttedyr, som igjen påverkas av havtemperaturen ved El Niño-hendingar. Desse faktorane har ført til at Verdas naturvernunion IUCN klassifiserer oskemåsen som «nær truga» (NT). I 2019 vart den totale bestanden estimert til 350 tusen modne individ.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Heermann's gull» frå , den 22. oktober 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i den nearktiske regionen