mini|Dejbjergvogn II stilt ut ved Nationalmuseet i 1978. Dejbjergvognene er to danske trevogner frå jernalderen med ornamenterte bronsebeslag. Dei blei funne i høvesvis 1881 og 1883 under torvgraving i Præstemosen ved Skjern i Vestjylland. Vognene blei gravne ut av arkeologen Henry Petersen, som i 1888 gav ut boka Vognfundene i Dejbjærg Præstegaardsmose ved Ringkjøbing om om funna. Vognene er daterte til kring 100 f.Kr.
Vognene har truleg vore praktkjøretøya til ein stormann i førromersk jernalder. Jernet i vognkassene er av bergmalm frå Sentral-Europa og er truleg framstilt av keltiske handverkarar der. Hjula er blitt reparerte i Danmark med dansk myrmalm til felgbanda. Den store mengda bronseornamentikk gjer vognene svært uvanlege.Dejbjerg Jernalder, levendehistorie.dk, hentet 28/4-2013
I dag er vognene stilte ut på Nationalmuseet i København. Dejbjerg Jernalder, eit museum under Ringkøbing Fjord Museer, har ein kopi av Dejbjerkvogn I, som er den enklaste av dei to.Dejbjerg Jernalder , levendehistorie.dk, hentet 28/4-2013
På funnstaden er det reist ein minnestein.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dejbjergvognene» frå , den 28. november 2025.
Kategori:Nationalmuseet Kategori:Dansk jernalder Kategori:Arkeologiske funn i Danmark