Kari Bøge () er ein norsk målar, teikneserieskapar og forfattar busett i Hyggen i Buskerud.
Kari Bøge blei fødd i Stockholm i 1950 med dansk mor og norsk far. Som barn budde ho ein lang periode i Roma. Som ung jente byrja ho som journalist for ei norsk lokalavis. Etter å ha fullført grunnskulen byrja ho òg som målar.
Kari Bøge debuterte som forfattar i 1970 med romanen Asmorelda, på same tid som ho vart teke opp som maler i Unge Kunstneres Samfund. I etterkant har ho skrive ni voksenbøker og fire ungdomsbøker, i tillegg til at ho har illustrert sju bøker (fem av dei er skrive av Einar Økland).
Ho er gift med forfattaren Arild Stubhaug.
Bibliografi
Asmorelda, 1971 Viviann, hvit, 1974 Lyset er så hvitt om sommeren, 1976 Som regn om natten, 1976 Til avtalt tid (i samarbeid med Arild Stubhaug), 1979 Dikt om portar og rom (med Arild Stubhaug), 1979 Viviann og Lin, 1980 Irrganger, 1984 I trylleskogen, 1986 Speilet fanger, 1986 Morgenfugl og natteravn, 1986 Svanesang, 1988 Søster, Viviann, 1988 Hver sin lyst, 1989 Ryggen fri, 1992 Stjerneskudd, 1995 Familiekrets, 1998 For alt jeg vet, 2000 Og hva så, 2001 Lins bok, 2002 Komponisten 2008 Til og fra fest, 2010 Etter festen, roman, Aschehoug, 2011 Slutt, ungdomsbok, Aschehoug, 2012 Viviann, fri, roman, Aschehoug, 2017
Prisar og utmerkingar
1974 – Kultur- og kirkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for illustrasjonar i Det blir alvor (forfatter Einar Økland). 1975 – Kultur- og kirkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for illustrasjonar i Slik er det (forfatter Einar Økland). 1975 – Kultur- og kirkedepartementets pris for beste tegneserie for Sotus. 1986 – Kultur- og kirkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for Speilet fanger. 1988 – Mads Wiel Nygaards legat 1992 – Sonja Hagemanns barne- og ungdomsbokpris for Ryggen fri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kari Bøge» frå , den 2. desember 2025. oppgav desse kjeldene:
Presentasjon av Kari Bøge i Forfatterkatalogen på Forfattersentrums nettsider
Kategori:Kvinnelege målarar Kategori:Vinnarar av kulturdepartementet sine barnebokprisar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske teikneserieskaparar Kategori:Norske målarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Folk frå Stockholm