«Mila» er ein song av den serbiske artisten Princ od Vranje, og kjend som berre Princ. Songen blei gjeven ut 27. januar 2025 av PGP-RTS og er skriven av Dušan Bačić. Songen var det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025 etter å ha vunnet Pesma za Evroviziju ’25. Bakgrunn og komposisjon Musikken og teksten er skriven av Dušan Bačić, som også stod bak «Cvet sa Istoka», songen Princ framførte i Pesma za Evroviziju ’23. «Mila» er ein romantisk kjærleiksballade.
Princ uttala at dette er den mest utfordrande songen han har sunge i sin karriere, på grunn av dynamikken og dei mange endringane i arrangementet. Han sa også at songen gjenspeglar det han opplever i kjærleikslivet sitt akkurat no. Ifølgje han er ein av bodskapane at når man elskar nokon, må man i blant akseptere at man ikkje kan vere saman.
Mottaking Den offisielle Eurovision-fanklubben i Serbia, OGAE Serbia, delte ut en pris for beste komposisjon i festivalen, basert på røyster frå fansen. Prisen gjekk til Harem Girls, som også enda på andreplass i konkurransen. «Mila» hamna berre på åttandeplass.
Slobodan Todorović frå Evrovizija.rs kritiserte originalversjonen av songen for å høyrast uferdig ut, sjølv om han meinte den kunne skilje seg ut i den andre semifinalen sidan det er ein ballade. Songen har også blitt skildra som «Eurovision-nøytral». Eurovision Song Contest 2025 Pesma za Evroviziju ’25 Den serbiske kringkastaren for Eurovision Song Contest, (RTS), organiserte ein konkurranse med 30 bidrag – Pesma za Evroviziju ’25 (PzE ’25) – for å velje det serbiske bidraget til Eurovision Song Contest 2025. Konkurransen bestod av to semifinalar med 15 songar kvar, der åtte songar frå kvar semifinale gjekk vidare til ein stor finale med 16 bidrag.
Princ vann finalen i PzE ’25 28. februar, etter å ha komme på andreplass hos juryen og tredjeplass hos publikum. Dette var hans andre deltaking i konkurransen; i 2023 kom han på andreplass og fekk flest publikumsrøyster. Som vinnar av konkurransen blei «Mila» det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Serbia trekt ut til å delta i den andre semifinalen, der dei opptredde i den fyrste halvdelen av showet. I semifinalen enda Serbia på 14. plass og gjekk dermed ikkje vidare til finalen.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mila (Princ-sang)» frå , den 4. desember 2025.
Kategori:Serbiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Serbiskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025