Richard Terrence McDermott (), kjend som Terry McDermott, var ein USA-amerikansk skøyteløpar frå Michigan som vart olympisk meister på 500 meter under Vinter-OL 1964 i Innsbruck.

28. desember 1963 presterte McDermott livsbeste 39,6 sekund på 500 m ved dei nasjonale uttakingsrenna på eit vatn i nærleiken Colorado SpringsBergens Arbeiderblad. Verdsrekorden var på 39,5. Ein månad seinare vann han gullmedaljen på 500 m ved Vinter-OL i Innsbruck, eit halvt sekund føre Jevgenij Grisjin frå Sovjetunionen. Ved dei olympiske leikane 1968 i Grenoble sikra McDermott seg ein sølvmedalje på 500 m, jamsides norske Magne Thomassen. Vesttyske Erhard Keller sigra med ein margin på to tidels sekund.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Richard McDermott» frå , den 4. januar 2026.

Kategori:Skeiseløparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1968