Eli Anne Tvergrov () er ein norsk forfattar, lokalhistorikar og foredragshaldar som i ei årrekkje har arbeidd med norsk fjellhistorie, formidla kunnskap om alpine redningstenester og lokal kulturarv knytt spesielt til fjell, fjord og havromet utanfor Vestlandet.
Ho er særleg kjend for boka Arven frå Molaulykka frå 2023 og eit omfattande formidlingsarbeid gjennom føredrag.Arven frå Molaupsulykka - Røde Kors
Liv og bakgrunn Tvergrov har gjennom meir enn to tiår vore ein sentral formidlar av lokal historie og spesielt om dei norske fjella og historia knytta til fjordlandskapet. Ho har halde føredrag over store delar av landet, og arbeidet inkluderer tett samarbeid med lokale skredgrupper, redningsmiljø og andre frivillige organisasjonar.
Ho er busett i Ålesund og eig Nilsgarden på Ytre-Standal.
Forfattarskap og forsking
Arven frå Molapsulykka (2023) I 2023 gav Tvergrov ut boka Arven frå Molaupsulykka, som tek for seg utviklinga av norsk redningsteneste i fjellet med særleg vekt på organiseringa før og no samt utviklinga av norsk vinterberedskap. Boka kom ut i samarbeid med Røde Kors og den skildrar historiske hendingar, redningsarbeid og framveksten av moderne fjellredning.
Inntektene frå utgjevinga vart donerte til lokale skredgrupper og den alpine redningsgruppa på Sunnmøre. Dette har gitt inntekter på over 400 000 kroner ved utgangen av 2025 som er sett av i eit eige skredfond.
Norsk fjellsporthistorie 1850–1929 Tvergrov fokuserer no (2026) på formidling av norsk fjell‑ og fjellsporthistorie. Prosjektet omfattar arkivarbeid, intervju, studium av eldre ekspedisjonar og tverrfagleg samarbeid med lokale og internasjonale fjellmiljø. Målet er å dokumentere den nære kontakta mellom det norske og engelske, få fram kvinnene som del av historia og tidlege føringar, ekspedisjonar, kulturmøte og samfunnstilhøva.
Faglege interessefelt
Norsk fjell- og friluftshistorie. Alpine redningstenester og beredskap. Sunnmørsk kultur- og fjellhistorie med spesielt fokus på kvinnene. Klatre‑ og fjellsporthistorie (særleg 1800–1900‑talet) Samarbeid med alpine klubbar i Noreg og England og med norske fjellorganisasjonar og museum.
Utgjevingar
Aktuelle mindre publikasjonar og artiklar: Fjord Magic (2007) Gatelangs i Ålesund / Along the Streets of Ålesund (2011) Språk og innhald: Twitter i Operasjonssentralane (2018)
Kjelder
Bakgrunnsstoff NRK Sykkelsommer, Sykkylven - Urke
Kategori:Norske sakprosaforfattarar