Demokraatit (dansk Demokraterne, D) er eit sosialliberalt politisk parti på Grønland. Historisk har partiet vore unionistisk, og Demokraatit har tradisjonelt vore skeptiske til grønlandsk sjølvstende og vidare utviding av sjølvstyret. Dei siste åra har partiet endra standpunkt til å ønskje å bli verande i det danske riksfellesskapet i overskodeleg framtid, med sjølvstende som eit langsiktig mål i ein gradvis prosess som startar med auka sjølvbestemming. To av dei viktigaste prioriteringane i partiprogrammet er å betre utdanningsnivået og bustadsituasjonen.
Historie Demokraatit vart skipa i 2002, og vann fem mandat ved vala same året. Det auka talet på mandat til sju ved valet i 2005, men vart halde utanfor makta av den såkalla «Nordlys-koalisjonen» av , og . Talet på mandat gjekk ned til fire ved valet i 2009; likevel gjekk partiet inn i ei regjeringskoalisjon med Inuit Ataqatigiit og , noko som for første gong i historia fjerna det tidlegare dominerande partiet Siumut frå makta.
Ved valet i 2013 fekk Demokraatit berre to mandat, men auka til fire ved valet i 2014. I valet i 2018 fekk partiet ytterlegare to mandat. Det gjekk tilbake til tre mandat ved valet i 2021. Partiet fekk sitt beste valresultat ved valet i 2025, då det for første gong vart det største partiet på Grønland.
Demokraatit støttar ein meir gradvis prosess mot sjølvstende frå Danmark enn , Inuit Ataqatigiit og Siumut, og ønskjer ikkje å arbeide for full sjølvstende før Grønland er økonomisk sjølvberande.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Democrats (Greenland)» frå , den 13. januar 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Grønlandske politiske parti Kategori:Skipingar i 2002