Jurij Georgijevitsj Skobov () var ein russisk langrennar som vann OL-gull på 4 × 10 km stafett for Sovjetunionen under Vinter-OL 1972. Han var frå småbyen Klimovo i Brjansk oblast.
Aktiv Skobov vann 10 kilometer under junior-EM både i 1968 og 1969, begge gongane etter sterk konkurranse frå Oddvar Brå. Skobov deltok i Ski-VM 1970 og kom på 16. plass på 15 km. Under Vinter-OL i Sapporo i 1972 gjekk han ein sterk andreetappe i stafetten, som enda med gullmedalje for han og lagkameratane Vladimir Voronkov, Fjodor Simasjov og Vjatsjeslav Vedenin. Individuelt vart Skokov nr 5 på 15 km og nr 15 på 30 km. Nokre veker etter vinterleikane, i mars 1972, kom han på fjerdeplass på 15 km i Lahti.
I Ski-VM 1974 i Falun gjekk Skobov Sovjetunionen inn til sølvmedalje i stafetten, etter Vasilij P. Rotsjev, Fjodor Simasjov og Ivan Garanin hadde gått sine etappar hadde Aust-Tyskland fått eit forsprang som han ikkje makta innhente. Skobov enda elles på tiandeplass på 15 km og nittandeplass på 30 km. Vinteren 1975 var han del av eit sovjetisk mannskap som sigra i stafetten under Svenska Skidspelen. Ved Vinter-OL 1976 i Innsbruck enda han på 16. plass på 15 km.
Skobov vart sovjetmeister på 15 og 30 kilometer i 1972 og på 15 km i 1973. Etter 1977 vart han vraka frå landslaget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Juri Georgijewitsch Skobow» frå , den 14. januar 2026.
Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976