Herman Løchen () var ein norsk brukseigar og politikar, fødd i Drøbak og busett i Inderøy. Han var stortingsmann 1857-58 og ordførar i Inderøy 1854–61.
Løchen var utdanna i brenneridrift i Tyskland og arbeidde ved fleire av faren Ole E. Løchen sine fabrikkar før han i 1847 kjøpte storgarden Sundnes på Inderøy. Her var han ein føregangsmann i landbruket og i utvikle industrien i distriktet. Han eigde mylne i Steinkjer, sagbruk på Snåsa, skogar i Snåsa og Stod og nokre gardar i Inderøy. Løchen opna landhandel, grunnla meieri og eksporterte storfekjøt til England.
Løchen var ordførar i Inderøy frå 1854. Saman med svogeren Benedict Jenssen, Ole Richter og Hans Jelstrup frå Levanger stod han i 1856 bak skipinga av Indherreds Dampskibs-Selskab. I 1857 representerte han Nordre Trondhjems amt i Stortinget, medlem i Budsjettkomiteen. Året etter møtte han i omframtstortinget. Løchen arbeidde elles for å få jarnbane til Innherred og tok i 1863 initiativet til å skipe Inderøy Sparebank. 1868-1871 var han med i byggekomiteen for Sakshaug kyrkje.
I 1875 gjekk Løchen konkurs, og døydde i 1876 etter eit halvt års sjukeleie.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Inderøy