Stein Borgar Thunberg () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Notodden i Telemark. Han vart noregsmeister 1974 for IK Skeid og seriemeister 1978 og 1980 for IK Start. Thunberg, som var angrepsspelar, deltok i tida 1974-79 i 28 av Noregs landskampar.

Karriere Klubbspel Thunberg var aktiv i SK Snøgg  i 1971, då laget rykte opp frå 4. divisjon, og i 3. divisjon i 1972. Åra 1973-75 spelte han for oslolaget Skeid, der han i oktober 1974 med to skåringar bidrog til at Skeid vann 3–1 over IL Viking i cupfinalen på Ullevål stadion. Etter Skeid rykte ned melde han overgang til IK  Start. I tida 1976-82 var han med å vinne 1. divisjon i 1978 og 1980, dei to største triumfane til IK Start i norsk fotball. Etter spel for FK Donn og IK Våg i lågare divisjonar, kom Thunberg i 1989 forbigåande tilbake til eit skaderåka Start.

Landslagsspel Frå debuten 6. juni 1974 til avskjeden på det norske landslaget 29. august 1979 i Wien, deltok Thunberg 28 landskampar og skåra 4 mål. I 8 av kampane var han innbytar. Flest kampar fekk i 1975, då han spelte 8 landskampar.

Kjelder

eu-football

Denne artikkelen bygger på «Stein Thunberg» frå , den 27. mars 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Start-spelarar Kategori:Skeid-spelarar