Scleroptila er ei biologisk slekt i fasanfamilien. Slekta samlar ni artar, alle i Afrika sør for Sahara.

Slekta Scleroptila vart innført i 1852 av den engelske zoologen Edward Blyth. Slektsnamnet er sett saman av gammalgresk sklēros (σκληρός), som tyder «stiv», og ptilon (πτίλον), som tyder «fjør». Blyth førte opp to artar i slekta, men oppgav ikkje nokon typeart. I 1893 fastsette William Robert Ogilvie-Grant typearten som Perdix levaillantii Valenciennes, 1825, raudvengfrankolin.

Slekta omfattar artar som tidlegare vart plasserte i slekta Francolinus (frankolinar).

Skildring

Scleroptila er mellomstore medlemmar av fasanfamilien med einsarta og kamuflerande brune og grå farger og teikningar i fjørdrakta. Artane varierer elles lite i storleik, typisk ligg kroppslengda i området 33–38 cm og masse på opp mot 0,5 kg. Cuanzafrankolin (Scleroptila finschi) avviker med masse på opptil 0,6 kg. Hofuglar har ofte ca. 10 % mindre masse. Kjønna er elles nokså like, men hanfuglar hos alle artar unntatt kragefrankolin (Scleroptila streptophora) har sporar. Hos eit fåtal artar har hoer òg sporar, men dei er mindre enn hos hannar.

Utbreiingsområdet er Afrika sør for Sahara, med størst mangfald i austlege Afrika frå Kenya til Sør-Afrika.

Artane er altetande og lever av mellom anna leddyr og vegetabilsk føde som frø, frukt, røter og laukar.

Galleri

Artsoversyn

Medlemmar av Scleroptila i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Slekt Scleroptila Kragefrankolin, Scleroptila streptophora, Ring-necked Francolin, (Ogilvie-Grant, WR, 1891), (LC) Lever i delar av landa Burundi, Rwanda, Uganda og vestlegaste Kenya

Raudvengfrankolin, Scleroptila levaillantii, Red-winged Francolin, (Valenciennes, A, 1825), (LC) Spreitt frå Kenya til Sør-Amerika

Cuanzafrankolin, Scleroptila finschi, Finsch's Francolin, (Bocage, JVB, 1881), (LC) Frå Gabon til Angola

Lyngfrankolin, Scleroptila psilolaema, Moorland Francolin, (Gray, GR, 1867), (NT) Endemisk for Etiopia, høgtliggande strøk opptil 3,890 moh.

Kastanjebrystfrankolin, Scleroptila elgonensis, Elgon Francolin, (Ogilvie-Grant, WR, 1891), (LC) Kenya og Uganda

Gråvengfrankolin, Scleroptila afra, Grey-winged Francolin, (Latham, J, 1790), (LC) Sør-Afrika

Grasfrankolin, Scleroptila gutturalis, Orange River Francolin, (Rüppell, WPES, 1835), (LC) Etiopia og sørlege Afrika

Miombofrankolin, Scleroptila shelleyi, Shelley's Francolin, (Ogilvie-Grant, WR, 1890), (LC) Austlege Afrika

Zambiafrankolin, Scleroptila whytei, Whyte's Francolin, (Neumann, OR, 1908), (LC) DR Kongo og Zambia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Scleroptila» frå , den 27. mars 2026

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fasanfamilien Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fugleslekter