Felix Horn Myhre () er ein norsk fotballspelar frå Oslo som 20. mai 2023 vart noregsmeister med Sportsklubben Brann. Han er midtbanespelar.
Karriere Klubbspel 15 år gammal fekk Myhre sin debut med Ullern på nivå 3 i seriefotballen. Frå januar 2017 var han Vålerenga-spelar til mai 2021. Etter fleire sesongar der han var inn og ut av fyrste-ellevaren, gjekk han frå juli 2021 over til å spele for SK Brann. Her var han med å vinne noregsmeisterskapen 2022/23 mot Lillestrøm SK på Ullevål stadion. I 2024 enda Brann på sølvplassen i eliteseien, tre poeng bak seriemeisteren Bodø/Glimt. Myhre vart då kåra til årets Brann-spelar av supporterane.
Landslagsspel Myhre debuterte på det norske landslaget 6. september 2024 borte mot Kasakhstan i Almaty. Per 1. april 2026 er han bokført med 7 landskampar, i fire av dei har han vore innbytar og i dei andre tre har han vorte bytta ut. Han skåra det fyrste målet då Noreg vann 2–1 over Austerrike den 9. september 2024, og eitt mål då Noreg høvla over Moldova med 11–1, nøyaktig på dagen eitt år seinare.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Felix Horn Myhre» frå , den 3. april 2026. Felix Myhre i eu-football.info
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Brann-spelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:West Bromwich-spelarar