Fredrik Aasmundrud Gulbrandsen () er ein norsk fotballspelar frå Lillestrøm som er trippel noregsmeister og ein gong seriemeister med Molde Fotballklubb, samt fleirfaldig serie- og cupmeister i Austerrike og ligameister i Tyrkia. Han er angrepsspelar. Tom Gulbrandsen er far hans.
Karriere Klubbspel Gulbrandsen fekk sin debut for Lillestrøm SK i 2009. Vårsesongen 2010 spelte han i tre månader for Lyn på nivå 2 i seriefotballen. Sommaren 2013 forlet han Lillestrøm til fordel for Molde FK. Her var han med å vinne den norske cupfinalen i 2013 og i 2014, i den siste finalekampen skåra han det fyrste målet då Molde vann 2–0 over Odds Ballklubb. I 2014 vart han også seriemeister. Sommaren 2016 vandra Gulbrandsen vidare til Red Bull Salzburg i Austerrike der han over tre sesongar fekk med seg tre seriemeister-pokalar og to cup-triumfar. Mellombels i 2017 spelte han 12 kampar for New York Red Bulls i USA. Sesongane 2019–2022 gjorde han teneste i tyrkiske İstanbul Başakşehir. Her vart han tyrkisk ligameister i sin fyrste sesong. Gulbrandsen heldt i 2022/23-sesongen fram karrieren med spel for den tyrkiske ligarivalen Adana Demirspor. I august 2023 vende han tilbake til Molde FK og norsk fotball. Den 9. desember 2023 vart han matchvinnar då han skåra det einaste målet i cupfinalen mot Bodø/Glimt.
Landslagsspel Gulbrandsen deltok i 3 landskampar, to i 2014 og ein våren 2016. Han var med å spele uavgjort i den fyrste og vinne dei to siste, utan sjølv å kome på skåringslista.
Merittar Noregsmeister: 2013, 2014 og 2023 med Molde FK Norsk seriemeister: 2014 med Molde FK Austerriksk ligameister: 2017, 2018, 2019 for Red Bull Salzburg Austerriksk pokalmeister: 2017 og 2019 for Red Bull Salzburg Tyrkisk ligameister: 2020 for İstanbul Başakşehir
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fredrik Gulbrandsen» frå , den 4. april 2026. Fredrik Gulbrandsen i eu-football.info
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Molde-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar