Jørgen Strand Larsen () er ein norsk fotballspelar frå Halden som gjer teneste for den engelske fotballklubben Crystal Palace FC. Han er midtspiss.

Karriere Klubbspel Larsen debuterte for Sarpsborg 08 i april 2017. Han bidrog til at klubben enda på bronseplassen i eliteserien 2017. I september 2020 skreiv han kontrakt med det nederlandske toppserie-laget FC Groningen. Etter knappe to år i Nederland, spelte han frå august 2022 i to sesongar for spanske Celta Vigo. Sommaren 2024 drog han til engelske Wolverhampton Wanderers. Her vart han verande til han i februar 2026 vart overført til Crystal Palace mot 48 millionar engelske pund. Han var innbytar då Crystal Palace den 27. mai 2026 vann 1 - 0 over spanske Rayo Vallecano i UEFA C-finalen i Leipzig.

Landslagsspel Larsen var ein av dei mange som fekk sin landslagsdebut 18. november 2020 i Wien, der det såkalla norske naudlandslaget spelte uavgjort 1–1 mot Austerrike. Sidan september 2022 har han jamt og samt vorte nytta som innbytar i landskampar. Hittil, 2026, har han spelt i 90 minutt i einast tre av Noregs kampar. Per 1. april 2026 var han bokført med 26 landskampar og 4 skåringar.

Merittar Vinnar av UEFA C-ligaen: 2026 for Crystal Palace FC

Kjelder

eu-football

Denne artikkelen bygger på «Jørgen Strand Larsen» frå , den 9. april 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Sarpsborg 08-spelarar Kategori:Wolverhampton-spelarar Kategori:Crystal Palace-spelarar Kategori:Groningen-spelarar Kategori:Celta Vigo-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026