Erris er eit historisk baroni nordvest i County Mayo i Irland som dekkjer over . Mykje av området er fjellendt teppemyr. Området har lange strekk med kystline i vest og nord. Dei største byane er Belmullet og Bangor Erris. Namnet «Erris» er avleidd frå irsk Iar Ros, som tyder 'vestleg odde'. Det fulle namnet er «Iorrais Domnann», etter Fir Bolg-stammen Fir Domnann. I nord ligg Atlanterhavet og buktene Broadhaven og Sruth Fada Conn og i vest ligg Blacksod Bay. Viktige oddar og halvøyar er Doohoma Peninsula, Mullet Peninsula, Erris Head, Dún Chiortáin, Dún Chaocháin og Benwee Head.Ireland's History in Maps - Baronies page 3
mini|Stacks of Broadhaven Bay med Benwee Head i framgrunnen Delar av Erris ligg i Gaeltacht-området. Det bur særleg folk som har irsk som morsmål i dei følgjande delane av baroniet: An Fál Mór, Tamhaiin na hUltaí, Glais, Eachléim, Tearmann, Tránn, An Mullach Rua, Cartúr, An Baile Úr, Cill Ghallagáin, An Corrán Buí, Ceathrú na gCloch, Port a' Chluaidh, Ros Dumhach og Ceathrú Thaidhg. Det bur flest irsktalarar i Ceathrú Thaidhg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erris» frå , den 12. april 2026.
Kategori:Irsk geografi