Elias Heltberg Lund () var ein norsk offiser fødd i Overhalla.

Lund var son til ein offiser og vart sjølv offiser. Etter å ha vore sekond- og premierløytnant, vart han i 1800 utnemnd til kaptein. Frå 1814 var han major ved 1ste nordenfjeldske skiløparbrigade og 1818 oberst i trondhjemske brigade. 1815-16 var han 1. representant frå Nordre Trondhjems amt i Stortinget, der han var medlem i 6 komitear. Han døydde i Verdal.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Norske militære Kategori:Folk frå Overhalla