Auguste Groner () var ein austerriksk forfattar frå Wien som publiserte under fleire ulike psevdonym.

Groner arbeidde frå 1876 til 1905 som lærar i barneskulen. Kring 1882 byrja ho skrive for publikum. Dei fyrste utgjevingane veksla mellom gåtefulle dikt, ungdomsbøker og historiske heimlandsromanar. Etter 1890 kom ho med med mange krimforteljingar og romanar, nokre omsett til skandinaviske språk og engelsk. Groner skapte den fyrste seriedetektiven i tysk litteratur, Joseph Müller, som opptrer fyrste gongen i romanen Die goldene Kugel frå 1892.

Verka Myrdet?, En liten silketraad, Den 79de og Guldkulen kom alle ut på Helge Erichsens Forlag i åra 1916–19.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Auguste Groner» frå , den 23. april 2026.

Kategori:Austerrikske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Forfattarar frå 1900-talet