Karl Friedrich Christian Brugmann () var ein tysk språkforskar og ein av dei viktigaste innanfor den tidlege fasen av den indoeuropeiske språkvitskapen.
Brugmann var i Wiesbaden i Hessen. Han studerte i Halle og i Leipzig. I 1882 vart han ekstraordinær professor i Leipzig og i 1884 professor i Freiburg im Breisgau. I 1887 vende han attende til Leipzig, der han heldt førelesingar i indoeuropeisk språkvitskap. Han var ein tilhengjar av prinsippet om unntakslause lydlovar og blir rekna som ein av dei viktigaste unggrammatikarane. Hovudverket hans er Grundriß der vergleichenden Grammatik der indogermanischen Sprachen i fem band (i lag med Berthold Delbrück) og Morphologische Untersuchungen auf die Gebiete der indogermanischen Sprachen i seks band (saman med Hermann Osthoff). Saman med Wilhelm Streitberg grunnla han tidsskriftet Indogermanische Forschungen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karl Brugmann» frå , den 26. april 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Medlemmar av Det ungarske vitskapsakademiet Kategori:Tyske språkforskarar