Leif Grøner () var ein norsk bankmann frå  Fredrikstad som perioden 1945–49 var stortingsrepresentant frå Østfold og for partiet Høgre.

Grøner var son til ein prest. Etter eitt års militær utdanning ved Krigsskulens lågaste avdeling studerte han jus ved universitetet og vart cand.jur. i 1908. Han var frå 1910 advokat i Nordfjord. I 1913 gjekk han over i bankyrket. Sidan var han sjef 1913–16 i Ulvesund Kreditbank, 1917–18 i Exportbanken 1918–22 i Nordisk Banikinstitutt. Åra 1923 til 1925 var han avviklingssjef, fyrst for Romsdals Vexel- og Landmandsbank i Molde og deretter for Fredrikstad privatbank. Frå 1926 til 1954 var han direktør i Fredrikstad og Omegns bank. Grøner var elles styremedlem i Rena Kartonfabrikk og medlem i tilsynsrådet i Forenede Industrier.

Hausten 1945 var han Østfold Høgre sin fyrstekandidat ved stortingsvalet og kom som den femte av valkrinsen Østfold sine seks representantar inn på Stortinget med god margin. På Tinget var han medlem i Protokollkomiteen og Valkomiteen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Norske juristar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Folk frå Bodø