Eit mosefar eller medfar er sporet mellom to tømmerstokker i eit laftebygg. I mosefaret blir det satt inn ein type tettingsmateriale, i utgangspunktet mose, men også stry og ull blir brukt. Mosefaret ligger i norsk laftetradisjon på undersida av stokken, i motsetning til hjå russerane, der er mosefaret på oversida av stokken. For å merke kvar ein skal høgge ut mosefar brukar man ein méde.
Det er fleire metoder for å lage eit mosefar. Tidlegare var det tradisjon å bruke bile til å høgge eit v-forma spor i stokkens underside. Frå omkring 1850 vart mosefarkniven vanleg. Mosefarkniven kan ha eit halvrundt eller meire v-forma tversnitt i eggen og har to handtak til å dra kniven med, liknande ein bandkniv. Slipinga av mosefarkniven er ofte gjenstand for ueinigheit mellom fagpersonar. Skal slipinga ligge på oversiden eller undersiden? I moderne tid er det vanleg å bruke både kjedesag og sirkelsag for å lage mosefar.
Kjelder
Kategori:Laft