mini|Teljing av stokk Telje, også kalla skante eller ry, er å hogge eller skjere til stokkar så dei blir flate på ei eller fleire sider.

Teljing var vanleg før oppgangssaga kom, for å tilverke tømmer til ein lettare form å arbeide med. Især til laftevyrke. Etter oppgangssaga kom vart det mindre vanleg, men framleis mykje brukt til laftevyrke. Når heile stokkar vart telja var det brukt eiga øksar til dette formålet, øksane brukt til teljing var gjerne tunge og med lang egg.

Sprettteljing er ein eldre måte å telje tømmer på. Teknikken til spretteljing er annerledes enn ved «vanleg» teljing. Her er øksa betydeleg mindre og blir brukt med større fart. Spretteljing var vanleg i mellomalderen og er ein nærast utdødd teknikk idag.

Kategori:Trearbeid