mini|Daniel O'Connell i samtidig portretteikning Daniel O’Connell (), også kjend som The Liberator,Oxford English dictionary 6. utgave s. 107 i midten var ein irsk politikar og aktivist. I første halvdel av 1800-talet var han ein av dei fremste politiske leiarane i landet, spesielt på grunn av kampanjen sin mot unionen mellom Storbritannia og Irland og for katolsk emansipasjon.

I Irland er han rekna som grunnleggjaren av ikkje-valdeleg irsk nasjonalisme, og som den som samla den katolske delen av folkesetnaden til ein politisk maktfaktor.

Liv og virke

Bakgrunn O'Connell var fødd nær Caherciveen i County Kerry i Irland i ein tidlegare velståande katolsk familie. Med hjelp frå den rike ungkarsonkelen sin Maurice «Hunting Cap» O'Connell byrja han å studere i Douai i Frankrike og blei teken opp ved Lincoln's Inn (eit juristkollegium) i 1794. To år etter blei han overflytta til King's Inn i Dublin.

I dei tidlege åra sine stifta han kjennskap med samtidige pro-demokratiske radikale og sette seg allereie då som mål å føra like rettar og politisk toleranse til heimlandet sitt.

Medan han studerte jus i Dublin, blei han truleg innblanda i væpna grupper av onkelen sin Maurice. Då den franske invasjonsflåten til Wolfe Tone låg i Bantrybukta i 1796, var den unge O'Connell i eit vanskeleg dilemma. Det var grunna politikken at han var bekymra.Dennis Gywnn, Daniel O’Connell The Irish Liberator, Hutchinson & Co. Ltd pg 71 Biografen Dennis Gwynn foreslår at uroa hans kom av at han stod som frivillig til å forsvara regjeringa, og det sjølv om regjeringa intensiverte forfølginga av katolikkar.Dennis Gywnn, Daniel O’Connell The Irish Liberator, Hutchinson & Co. Ltd pg 71 Han ville gjerne inn i parlamentet, men det håpet katolikkar hadde hatt berre tre år tidlegare, blei no einstemmig stansa av eit veto.

Som jusstuderande var O'Connell utmerka klar over kunnskapane sine, men som katolikk var han utelukka frå dei høgaste postane innanfor advokatstanden.

19. mai 1798 blei han medlem av den irske advokatstanden og fekk arbeid som skrankeadvokat. Fire dagar seinare innleidde United Irishmen den irske oppstanden av 1798, som etter mykje blodspille blei nedkjempa av britane. O’Connell støtta ikkje oppstanden. Han meinte at irane skulle gjera krava sine gjeldande politisk heller enn ved maktbruk. Han valde å dra til heimtraktene sine i Kerry og deltok ikkje i oppstanden, og heller ikkje nedkjempinga av han. I over ti år levde han eit stille liv i det sørlege Irland, der han konsentrerte seg om juridiske oppgåver. Han fordømde også oppstanden til Robert Emmet i 1803.

Kampen for katolsk frigjering I 1810-åra vende O'Connell tilbake til politikken. Han etablerte det katolske rådet i 1811; det kjempa for katolsk emansipasjon som eit høve for irske katolikkar til å ein gong kunna bli parlamentsmedlemmar. I 1823 stifta O'Connell Catholic Association, som femna vidare for å sikra kåra til irane. Det gjaldt valreform, reform av den irske statskyrkja, rettane til festebønder og økonomisk utvikling.Great Britain and the Irish Question 1798-1922, Paul Adelmann and Robert Pearce, Hodder Murray, London, ISBN 0-340-88901-2.pg 33 Foreininga var støtta av medlemmane sine med ei betaling på 1 penny om månaden, eit minimalt beløp som var danna for å tiltrekka katolske bønder. Kontingenten var ein særs stor suksess, og foreininga reiste eit stort beløp allereie i det fyrste året. Pengane blei nytta til å kjempa for katolsk emansipasjon, særleg til å betala bidrag til parlamentsmedlemmar som var valbare til det britiske underhuset og støtta den katolske saka.

Som ein del av kampen stilte O'Connell opp til eit suppleringsval til underhuset i 1828 i County Clare for den fråverande William Vesey Fitzgerald. O'Connell vann setet i underhuset, men var utestengd frå å ta det opp, sidan katolikkar på den tida ikkje fekk sitja i det britiske parlamentet.

I 1841 klarte Daniel O'Connell å bli den fyrste katolske borgarmeisteren i Dublin sidan tida til Jakob II. Som borgarmeister kalla han på den britiske hæren mor streikande arbeidarar i hovudstaden.

Kampen for oppheving av unionen O'Connell kjempa for å få annullert unionsloven, som hadde slått dei to parlamenta i Kongeriket Storbritannia og Kongeriket Irland saman og danna Det sameinte Kongeriket Storbritannien og Irland. For å kjempa for annulleringa av unionen danna O'Connell Annulleringsforeininga. Han argumenterte for ei gjenskaping av kongeriket Irland med dronning Victoria som dronning av Irland.

For å pressa på for dette heldt han ei rekkje «monstermøte» rundt i Irland, unntatt i det protestantiske og unionistdominerte Ulster. Det kom over 100.000 til eitt møte. Desse samkoma uroa den britiske regjeringa, og den dåverande statsministeren Robert Peel forbaud eit stormøte som skulle haldast i Clontarf i County Dublin like utanfor Dublin by.

O'Connell avlyste møtet, men blei likevel fengsla, anklaga for å ha tilskynda til opprør. Han blei lauslaten etter tre månader på oppfordring frå det britiske overhuset. Utan det mest effektive våpenet sitt, monstermøtene, lukkast det ikkje O'Connell å få gjennomført ein annullering av unionen.

Død og ettermæle O'Connell døydde av hjerneblødning i Genova i Italia i 1847, på pilegrimsferd til Roma. Fengselsopphaldet hadde tæra hardt på han. Han blei 71 år gammal. Som følgje av ønsket hans på dødsleiet blei hjartet hans gravlagt i Roma, medan kroppen hans er gravlagd på Glasnevin kyrkjegard i Dublin.

Filosofien og karrieren til O'Connell inspirerte folk som Mahatma Gandhi (1869-1948) og Martin Luther King (1929-1968). William Makepeace Thackeray sa: «Du har gjort meir for landet ditt enn nokon andre sidan Washington,» og William Gladstone skildra han som «den største folkeleiaren verda har sett.» Honoré de Balzac skreiv at Napoleon og O'Connell var dei einaste store mennene frå 1800-talet.

O'Connell er kjend i Irland som «The Liberator» eller «The Great Emancipator». O'Connell beundra den søramerikanske fridomshelten Simón Bolívar, og ein av sønene hans, Morgan O'Connell, blei frivillig i hæren til Bolívar i 1820, 15 år gammal.

Familie I 1803 gifta O'Connell seg med kusina si Mary O'Connell. Dei fekk fire døtrer (tre overlevde), Ellen (1805), Catherine (1808), Elizabeth (1810) og Rickard (1815) og fire søner. Sønene, Maurice (1803), Timothy James O'Connell (1804), John O'Connell (1810) og Daniel (1816), kom alle til å sitja i parlamentet. Ellen utvandra frå Irland til USA.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Daniel O'Connell» frå , den 6. juni 2026.

Kategori:Irske politikarar Kategori:Irske advokatar Kategori:Folk frå 1700-talet Kategori:Folk frå 1800-talet