Dermatologi (frå gresk δέρμα, derma, ‘hud’ og λογία, logia, ‘lære’) er læra om hud og sjukdomar som kan råka dette organet.Random House Webster's Unabridged Dictionary. Random House, Inc. 2001. Page 537. . Det er eit medisinsk fagfelt med både medisinske og kirurgiske aspekt. Namnet kjem frå dermologie (fransk, 1764) og seinare òg dermatologia (latin, 1777).Freedberg, et al. (2003). Fitzpatrick's Dermatology in General Medicine. (6. utg.). McGraw-Hill Professional. Side 3. .

Ein dermatolog er ein lege som har gått gjennom spesialistutdanning i dermatologi, typisk i 4 år etter medisinutdanninga, og tek for seg hudsjukdommar.

Historie I 1801 opna den fyrste store skula for dermatologi ved Hôpital Saint-Louis i Paris og dei første bøkene (Willan's, 1798-1808) og atlasa (Alibert's, 1806-1814) blei trykte i same periode.

Underspesialitetar

Kosmetisk dermatologi Dermatologar har vore leiarar i feltet kosmetisk kirurgi.James, William; Berger, Timothy; Elston, Dirk (2005). Andrews' Diseases of the Skin: Clinical Dermatology (10. utg.). Saunders. Side 895. . Under spesialiseringa blir mange trente i bruk av blant anna Botox og laserkirurgi. Nokre dermatologar gjer mindre kosmetiske inngrep som feittsuging og ansiktsløft.http://www.ucdmc.ucdavis.edu/dermatology/education/fellowship.html

Immunodermatologi Dette er ei spesialisering mot hudsjukdomar som blant anna Systemisk lupus erytematosus, bullos pemfigoid og pemphigus vulgaris.

Barnedermatologi Legar kan kvalifisera seg for denne spesialiteten ved å gjennomføra spesialisering både som barne- og hudspesialist. Dette feltet omfattar komplekse sjukdomar for nyfødde og arvelege hudsjukdomar eller genodermatose.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dermatologi» frå , den 7. juni 2026.

Kategori:Dermatologi Kategori:Medisinske spesialitetar