Baljebass (i USA kalla ) er eit strengeinstrument, med ein balje av metall eller ein trekasse som resonanskammer. Nærståande instrument er kjende frå Afrika og Søraust-Asia.

Opphav Etnomusikologar sporar opphavet til instrumentet til ein «bakkeboge» eller «bakkeharpe» der ein nytta bork eller eit dyreskinn strekt over eit hol i bakken som resonanskasse. Ang-bindi laga av bakafolk frå Kongo er eitt av fleire døme på dette instrumentet, som finst blant fleire stammesamfunn i både Afrika og Søraus-Asia. Namnet inbindi blir generelt nytta for alle instrument av denne typen. Vidareutvikling av designet, som omfatta meir flyttbare resonanskassar, including the use of more portable resonators, har gjeve instrument som dan bau frå Vietnam og gopichand eller ektara frå India.

Amerikansk tradisjon Den eigentlege baljebassen stammar frå afrikansk-amerikansk folkemusikk og blei populær i jugband rundt 1900. Derfrå har han funne innpass i oldtimemusikken blant kvite i Appalachane, av og til også i bluegrass og country. Washtub Jerry and The Bluegrass Band er blant dei som har erstatta kontrabassen (som er vanleg i bluegrass) med baljebass. Kvartetten Baljelauget frå Voss har teke namn etter baljebassen.

mini|portrett|venstre|Kianti Ecolove spelar på baljebass.

Konstruksjon Den tradisjonelle baljebassen er bygd opp av ein balje med ein streng festa i botnen. Strengen blir justert ved å skyva eller dra på ein stav eller pinne for å endra spenninga og tonehøgda (frekvensen). Baljen ligg opp-ned på bakken og dannar slik eit resonanskammer. Den andre enden av strengen er festa i ei stong som er litt lenger enn strengen, og som blir sett mot baljen. Baljebassen er altså billig og enkel, veleigna for gjer-det-sjølv-konstruksjon. Historisk har han difor vore knytt til musikken til lågare økonomiske klasser.

Ein baljebass kan òg ha fire eller fleire strenger og stemmeskruer.

Tekistebass Tekistebass () er ein variant av baljebass som nytter ein tekasse som reonansboks. Tradisjonelt blir det nytta eit kosteskaft for å holda opp strengen.

I Europa, særleg i Storbritannia og Tyskland, er instrumentet knytt til skiffleband. The Quarrymen, bandet John Lennon og Paul McCartney spelte i før dei danna The Beatles, nytta mellom anna ein tekastebass.

I Australia har instrumentet tradisjonelt vore nytta av «bush band», men dei fleste slike grupper nytta i dag elektrisk bass eller kontrabass. Han er også kjend som bush bass eller Tbox i Australia, og blei mellom anna nytta av gruppa Mills Sisters.

Andre namn og variantar Instrumentet er kjent som på Trinidad, derdetblir nytta til parang.

Det er kjent som babatoni i Sør-Afrika, der det blir nytta i kwelamusikk, tanbou marengwen på Haiti, tingotalango på Cuba og tulòn i Italia.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baljebass» frå , den 19. juni 2026.

Denne artikkelen bygger på «Washtub bass» frå , den 19. juni 2026.

Kategori:Klimpreinstrument Kategori:Alle spirer