Michael Ryan Flatley () er ein irsk-amerikansk dansar, koreograf, skodespelar og musikar frå Chicago. Han skapte og opptredde i dei irske danseshow Riverdance, Lord of the Dance, Feet of Flames, Celtic Tiger Live og Michael Flatley's Christmas Dance Spectacular.
Liv og virke Bakgrunn Michael Ryan Flatley var det andre av dei fem barna til Michael James Flatley og Elisabeth «Eilish» Flatley (f. Ryan), som begge hadde emigrert til USA i 1947. Michael var ein røyrleggar frå County Sligo, medan Eilish var ein gåverik steppdansar frå County Carlow. Mor hennar, Hannah Ryan, var ein prisvinnande dansar.
I 1975, då han var 17, blei Flatley den fyrste amerikanaren til å vinna ein World Irish Dance-tittel ved den irske dansemeisterskapen Oireachtas Rince na Cruinne. I 1975 og 1976 vann Flatley den all-irske Fleadh Cheoil konsertfløytetevlinga.
Tidleg karriere Etter vidaregåande hadde Flatley ulike jobbar, mellom anna som aksjemklar, gambler og fløytist. Frå 1978 til 1979 turnerte han som dansar med Green Fields of America. På 1980-talet turnerte han med The Chieftains, men forlet gruppa etter at han ikkje blei gjeven fullt medlemskap i gruppa.
Gjennombrot mini|Flatley dansar i Lord of the Dance i 2008.
Etter å ha fått merksemd frå den irske presidenten Mary Robinson og danseshowprodusentar blei Flatley beden om å hjelpa til med å skapa eit pauseshow til 1994 Eurovision Song Contest, som blei halden i Irland. Han opptredde i eit 7 minutt langt show kalla Riverdance 30. april 1994. Med dette innslaget fekk han eit internasjonalt gjennombrot.
Pauseinnslaget blei utvida til eit fullaftans show produsert av Moya Doherty, med Flatley og Jean Butler som hovudkoreografar og hovudutøvarar. Det hadde urframføring i februar 1995 ved Point Theatre i Dublin. Det blei ein stor suksess.
Flatley forlet showet i 1995 og byrja skapa sitt eige show, Lord of the Dance. I 1998 laga Flatley ein ny versjon av showet, og det opna som Feet of Flames i Hyde Park i London.
I 2005 kom danseførestillinga Celtic Tiger. Det handlar om korleis irar måtte forlata Irland på grunn av svolt og flytta ut til USA og andre land.
Fløytealbum og film I 2011 gav Flatley ut fløytealbumet On a Different Note. Det inneheldt 25 spor og omfatta airar og melodiar han hadde spelt på showa sine, andre folketonar og nye verk.
I 2018 skreiv, regisserte, finasnierte og spelte Flatley i filmen Blackbird, ein spionfilm som gjekk føre seg på Barbados og i Irland og Storbritannia. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Michael Flatley» frå og «Michael Flatley» frå , den 24. juni 2026.
Kategori:Folk frå Chicago Kategori:USA-amerikanske dansarar Kategori:Irske dansarar Kategori:Irsk-amerikanarar