mini|Protestskilt mot at det skal koma eit krematorium til staden.

Nimby er eit akronym for «not in my backyard» som på norsk tyder «ikkje i bakgarden min».

Omgrepet skildrar fenomenet der det er motstand mot endringar i sitt eige nærområde, men ikkje naudsynt mot endringar i nærområdet til andre. Det er ikkje endringa eller utbygginga i seg sjølv som vert motarbeidd, men kvar ho skal finna stad.

Nimby-effekten mini|Protestskilt mot utbygging av vindmøller i området.

Effekten oppstår gjerne i samband med:

Bygging av infrastruktur som motorvegar, jernbane, kraftlinjer, vindmøller og flyplassar. Etablering av industri som medfører forureining eller støy. Skiping av institusjonar. Til dømes for psykisk sjuke, rusavhengige og heimlause. Bygningar som er vesentleg større enn resten av busetnaden og som såleis skjermar for solljos eller utsikt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «NIMBY» frå , den 27. juni 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Akronym