Egil Selvik () er ein norsk fotballspelar frå Sandnes i Rogaland som frå 2025 gjer teneste i Watford FC i engelsk liga. Han er målvakt.

Karriere Klubbspel Selvik debuterte for Sandnes Ulf i 2017. Han fekk ikkje plass i fyrste-ellevaren og spelte difor for Nest Sotra i 2018-sesongen. Etter å ha vore reserve i Odds Ballklubb 2019 og -20, gjekk han over til FK Haugesund. Her fekk han sitt gjennombrot og var sesongane 2021-24 det klare fyrstevalet i målet.

Etter Haugesund rykka ned frå eliteserien i november 2024, var han i nokre veker knytt til Udinese i Italia. På tampen av januar 2025 skreiv han kontrakt med Watford FC, eit lag som spelte på det nest øvste nivået i det engelske seriesystemet.

Landslagsspel Selvik fekk sin landslagsdebut som innbytar då Noreg slo Jordan 6-0 den 7. september 2023. Han var med i troppa til VM i fotball 2026, og fekk sin 8. landskamp då Noreg møtte Frankrike i VM-turneringa den 26. juni 2026 i Foxborough.

Kjelder eu-football

Denne artikkelen bygger på «Egil Selvik» frå , den 11. juli 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Haugesund-spelarar Kategori:Watford-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026 Kategori:Folk frå Sandnes