John Edward Lovelock, kjend som Jack Lovelock, () var ein newzealandsk friidrettsutøvar og lege. I 1936 sette han verdsrekord og vart olympisk meister på 1500 meter under Sommar-OL 1936 i Berlin.

Aktiv Lovelock var son av innvandrarar frå England. Han fekk stipend og studerte frå 1931 ved University of Oxford. 26. mai 1932 sette Lovelock ny britisk og samvelderekord på 1 engelsk mil. Han mislukkast i Sommar-OL 1932 i Los Angeles, enda på sjuandeplass på 1500 meter. I 1934 sigra han i «miles»-løpet både ved AAA-meisterskapen og i samveldeleikane, begge avvikla på White City i London.

Under dei olympiske leikane i Berlin stilte han atter på 1500 meter. Briten Glenn Cunningham leia feltet fram til 1200 meter. 300 meter før mål rykte tittelforsvararen Luigi Beccali opp i tet, for så å stivne på oppløpssida og ende opp som bronsemedaljør. Lovelock vann løpet på ny verdsrekord, 3.47,8, fire meter framom Cunningham på sølvplass. Gullmedaljen var den fyrste til New Zealand i olympisk friidrett.

Lovelock arbeidde som lege i New York. Han omkom på ein togstasjon i bydelen Brooklyn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jack Lovelock» frå , den 20. juli 2026.

Kategori:Olympiske meistrar for New Zealand Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936