mini|Sherpatrappa frå Aksla Sherpatrappa er ei steintrapp i Tromsdalen. Trappa ligg i eit av dei mest populære turområda i Tromsø og går frå ein sti 0,7 km søraust for Ishavskatedralen som fører opp til Fjellheisen (420 moh.).

Sherpatrappa i Tromsø går i traséen til Akslastien, som går i sikksakk opp langs hjørnet av fjellet der Tromsdalen møter Tromsøysundet. Stien startar i Fløyvegen (85 moh.) og endar på platået nedanfor Fjellheisen. Sjølve trappa byrjar på høgda Lilleaksla og endar i bratthenget ved ei radiomast på fjellplatået ved Fjellheisen.

Trappa vart bygd av nepalske sherpaer frå Khunde Village, eit avsidesliggjande område i nærleiken av Mount Everest. I 2016 vart det bygd 315 trinn og i 2017 607 trinn. I 2018 hadde trappa til saman 922 trinn, og ved fullføringa i 2019 var det 1203 trinn.

Steinen er henta frå Skibotn og flogen opp med helikopter, men det er òg brukt lokal kalkstein. Målet med å byggje Sherpatrappa var å minke erosjon og slitasje på stien og ta betre vare på natur og vegetasjon. Bygginga vart finansiert av kommunen (4 mill. kr) og spelemidlar via fylkeskommunen (1,4 mill. kr).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sherpatrappa» frå , den 4. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byggverk i Tromsø Kategori:18°E Kategori:69°N