mini|portrett=1.5|Kart som viser regionar (kraje) i Tsjekkia mini|portrett=1.5|Kart som viser distrikt (okresy) i Tsjekkia mini|portrett=1.5|Kart som viser administrative område til kommunar med utvida fullmakter (správní obvody obcí s rozšířenou působností) i Tsjekkia Den administrative inndelinga av Tsjekkia er kompleks ved at fleire ulike historiske inndelingar lever side om side.
Landet er delt inn i 13 regionar (tsjekkisk kraj, fleirtal kraje) i tillegg til hovudstaden Praha. Tidlegare var regionane delte inn i 76 administrative distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy). Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål.
Då distrikta vart avvikla i 2003, vart det administrative ansvaret deira ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Kommunane med utvida fullmakter har det administrative ansvaret for dei 6258 kommunane (tsjekkisk obec, fleirtal obci) i landet. Kommunar som oppfyller visse kriterium, kan få status som lovbestemt by (tsjekkisk statutární město), by (tsjekkisk město) eller marknadsby (tsjekkisk městys).
Praha Administrativt er hovudstaden Praha både ein kommune og samstundes sidestilt med regionane. Byen har fleire ulike inndelingar: 10 bydistrikt, 22 sjølvstyrande administrative distrikt, 57 bydelar og 112 matrikkelområde.
Andre byar Nokre større byar med status som lovbestemt by er delte inn i sjølvstyrande distrikt (tsjekkisk městský obvod) og bydelar (tsjekkisk městská část). Referansar
Bakgrunnsstoff