Sarah Margaret Fuller (), også kjend som Margaret Fuller Ossoli, var ein amerikansk journalist, redaktør, kritikar, omsetjar og kvinnerettforkjempar som vaar knytt til den amerikanske transcendentalismerørsla. Ho var den fyrste kvinnelege krigskorrespondenten og bokmeldaren på fulltid i amerikansk journalistikk. Boka hennar Woman in the Nineteenth Century blir rekna som det fyrste store feministiske verket i USA.

Fuller var fødd i Cambridgeport i Massachusetts, og fekk ei grundig tidleg utdanning av faren sin, Timothy Fuller, som var advokat, men som døydde i 1835 av kolera. Ho fekk ei meir formell utdanning og blei lærar før, i 1839, ho byrja på serien sin Conversations: kurs for kvinner som skulle kompensera for mangelen på tilgang til høgare utdanning. Ho vart den fyrste redaktøren for det transcendentalistiske tidsskrift The Dial i 1840, som var året då skrivekarrieren hennar byrja å ha suksess, før ho kom til New York Tribune under Horace Greeley i 1844.

Då ho var i trettiårsalderen hadde Fuller fått eit rykte som den lærdaste personen i New England, mann eller kvinne, og var den fyrste kvinna som fekk lov til å bruka biblioteket på Harvard College. Hovudverket hennar, Woman in the Nineteenth Century, blei gjeve ut i 1845. Eit år seinare blei ho sendt til Europa som den første kvinnelege korrespondenten for Tribune. Ho blei snart involvert i den italienske revolusjonen, og allierte seg med Giuseppe Mazzini. Ho hadde eit forhold til Giovanni Ossoli, som ho fekk eit barn med. Alle tre medlemmane i familien døydde i eit skipbrot i nærleiken av Fire Island i New York, på veg til USA i 1850. Kroppen til Fuller blei aldri funnen.

Henry David Thoreau drog til New York på oppfordring frå Emerson for å leita etter Fuller på stranda, men verken hennar kropp eller den til mannen blei nokon gong funnen att. Den til Angelino var blitt ført på land. Nesten ingen av eigedelane deira blei funne, bortsett frå nokre av kleda til barnet og nokre brev.Blanchard, 338 Fuller sitt manuskript om veksten og fallet til Den romerske republikken (1849–1850), som ho skildra som «det som er mest verdifullt for meg,» gjekk òg tapt.Brooks, s. 429

mini|Oljemåleri av Margaret Fuller av Thomas Hicks (1848). Det er plassert i National Portrait Gallery i USA.

Det blei reist eit minnesmerke til Fuller på stranda av Fire Island i 1901 gjennom innsats frå Julia Ward Howe.Ehrlich, Eugene and Gorton Carruth. The Oxford Illustrated Literary Guide to the United States. New York: Oxford University Press, 1982: p. 109. Ein kenotaf til Fuller og Ossoli, som Angelino er gravlagd under, er reist i Mount Auburn-gravlunden i Cambridge i Massachusetts. Wilson, Susan. Literary Trail of Greater Boston. Boston: Houghton Mifflin Company, 2000: s. 115. Ein del av innskrifta lyd:Slater, s. 1

Fuller var ein forkjempar for kvinnerettar særleg til utdanning og arbeid. Ho oppfordra òg til mange andre samfunnsreformer, inkludert fengselsreform og frigjering av slavar i USA. Mange andre forsvararar for kvinnerettar og feminisme, inkludert Susan B. Anthony, nemnd Fuller som ei inspirasjonskjelde. Mange samtidige støtta henne ikkje, inkludert den fyrste venen hennar, Harriet Martineau, som sa at Fuller var ein talar snarare enn ein aktivist. Kort tid etter at Fuller var død byrja viktigheita hennar å avta. Redaktørane av breva hennar som klargjorde dei for publisering, sensurerte eller endra mykje av verka hennar før dei blei gjeve ut.

Verk i utval

Summer on the Lakes (1844) Woman in the Nineteenth Century (1845) Papers on Literature and Art (1846)

Posthume utgjevingar

Memoirs of Margaret Fuller Ossoli (1852) At Home and Abroad (1856) Life Without and Life Within (1858)Von Mehren, s. 344

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Margaret Fuller» frå , den 4. september 2026. oppgav desse kjeldene:

Blanchard, Paula. Margaret Fuller: From Transcendentalism to Revolution. Reading, Massachusetts: Addison-Wesley Publishing Company, 1987. Brooks, Van Wyck. The Flowering of New England. New York: E. P. Dutton and Company, Inc., 1952. Cheever, Susan. American Bloomsbury: Louisa May Alcott, Ralph Waldo Emerson, Margaret Fuller, Nathaniel Hawthorne, and Henry David Thoreau; Their Lives, Their Loves, Their Work. Detroit: Thorndike Press, 2006. Deiss, Joseph Jay. The Roman Years of Margaret Fuller. New York: Thomas Y. Crowell Company, 1969. Douglas, Ann. The Feminization of American Culture. New York: Alfred A. Knopf, 1977. Dickenson, Donna. Margaret Fuller: Writing a Woman's Life. New York: St. Martin's Press, 1993. Gura, Philip F. American Transcendentalism: A History. New York: Hill and Wang, 2007. Marshall, Megan. Margaret Fuller: A New American Life. New York: Mariner Books, 2013. Matteson, John. The Lives of Margaret Fuller: A Biography. New York: W.W. Norton, 2012. Slater, Abby. In Search of Margaret Fuller. New York: Delacorte Press, 1978. Von Mehren, Joan. Minerva and the Muse: A Life of Margaret Fuller. Amherst: University of Massachusetts Press, 1994.

Kategori:Folk frå samlinga av Italia Kategori:Amerikanske journalistar Kategori:Amerikanske sakprosaforfattarar Kategori:USA-amerikanske kvinnesaksfolk Kategori:Feministiske forfattarar