Gravferda til Harald V av Noreg fann stad onsdag 9. september 2026. Ho starta med ei privat minnestund i Slottskapellet. Klokka 12 vart båra til kong Harald ført frå Slottet til Oslo domkyrkje på ein kanonlavett trekt av eit militært køyretøy. Kong Haakon, kronprinsesse Ingrid Alexandra, prins Sverre Magnus og prinsesse Märtha Louise følgde til fots bak båra, medan dronning Sonja og dronning Mette-Marit følgde etter i bil. Bak bilen følgde utanlandske kongelege og statsleiarar, representantar for dei tre norske statsmaktene, representantar for Sametinget, statsforvaltarar, ordføraren i Oslo, den øvste leiinga av Forsvaret og medlemmer av den norske regjeringa til fots. Ridande politi var først og sist i prosesjonen.

Då portane på Slottet vart opna og prosesjonen starta, vart det avfyrt 21-skots sørgjesalutt frå Akershus festning og andre stader i landet.

Dei liturgiske handlingane i Oslo domkyrkje vart leidde av biskopane Olav Fykse Tveit og Sunniva Gylver. Domprost Pål Kristian Balstad, sokneprest i Oslo domkyrkje Valborg Orset Stene, domkyrkjeprestane Morten Andreas Øyan-Carlmark og Ellen Aasland Reinertsen, og prest for samisk kyrkjeliv i Sør-Noreg Caroline Hauglid-Formo medverka òg.

Stortingspresident Masud Gharahkhani og statsminister Jonas Gahr Støre heldt talar. Representantar for jødedom, islam, humanisme, kristendom og buddhisme tende lys i kyrkja, og den svenske kronprinsessa Victoria las Frans av Assisi-bøna. Blant dei musikalske innslaga var framføringar av Åge Aleksandersen, Tuva Syvertsen og Anders Aase, Kringkastingsorkesteret og Oslo Domkor. Hillari leidde ei vokalgruppe sat saman for høvet, med mellom anna Solveig Slettahjell og Beate S. Lech.

I det seremonien i domkyrkja vart avslutta, flaug fire F-35-fly over Oslo i ei såkalla missing man-manøver, der eitt av flya braut ut av V-formasjonen over domkyrkja som symbol på bortgangen til kong Harald.

Ein mindre prosesjon følgde deretter båra til Akershus slottskyrkje, der kong Harald vart gravlagd under ein privat seremoni. Då seremonien var avslutta, vart det avfyrt dobbel kongesalutt frå kanonane på festninga og andre militære anlegg i landet. Båra skulle så plasserast i ein sarkofag i det kongelege mausoleet under slottskyrkja.

Leiarar frå 20 land deltok i gravferda. Blant dei utanlandske gjestene var prins William og prinsesse Anne, som representerte det britiske kongehuset, kong Philippe og dronning Mathilde av Belgia, storhertug Henri av Luxembourg og presidenten i Ukraina Volodymyr Zelenskyj. Zelenskyj gjekk til fots saman med statsminister Støre, stortingspresident Gharahkhani og den tyske presidenten Frank-Walter Steinmeier i følgjet bak kista langs Karl Johan til domkyrkja. I Oslo domkyrkje var også representantar for norsk idretts-, nærings-, organisasjons- og kulturliv, og dessutan høgsterettsjustitiarius og leiinga i Forsvaret. Alle stortingsrepresentantar var inviterte.

Omkring 1900 soldatar var oppstilte langs ruta mellom Slottet og Oslo domkyrkje, og forsvarssjefen og dei øvste leiarane for forsvarsgreinene følgde kista. Anslagsvis personar var i gatene i sentrum i samband med gravferda, medan det over heile landet vart halde eitt minutts stille klokka 13.

Gravferda medførte omfattande tryggleiks- og trafikktiltak i Oslo sentrum. Store område vart stengde for køyretøy, og publikum som skulle inn i Kvadraturen, Slottsparken og områda langs Karl Johan, måtte gjennom kontrollpostane og visitasjonen til politiet. Elsparkesyklar var også utestengde frå eit større område. Til saman søkte 650 journalistar frå 19 land om akkreditering for å dekkje gravferda.

Politi frå heile landet var innlosjert i Oslo for å hjelpe Oslo politidistrikt. Ein kvinneleg hotelltilsett vart sikta for å ha servert kylling som var gått ut på dato til tenestepersonar frå politiet i samband med gravferda. Ho vart halden halvtanna døgn på glattcelle, noko advokaten til kvinna beskreiv som ein overreaksjon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Harald V» frå , den 13. september 2026.

Kategori:Norske kongelege Kategori:2026 i Noreg Kategori:Hendingar i 2026