mini|Borkekledejakke frå Kalimantan i Indonesia. Borkeklede er eit allsidig materiale av borkefiber som tidlegare var utbreidd i Asia, Afrika og stillehavsland. Kledet blei hovudsakleg laga av tre frå morbærfamilien, inkludert papirmorbærtre (Broussonetia papyrifera), brødfrukttre (Artocarpus altilis), Artocarpus tamaran og fikentreet Ficus natalensis. Tillaginga finn stad ved at ein bankar bløytte strimlar av den fiberrike innerborken til desse trea til dei dannar flak. Desse blir deretter utferda til ulike gjenstandar.
Mange tekstar som nemner «papirklede» viser i røynda til borkeklede. Nokre moderne bomullsklede blir òg kalla «borkeklede» fordi dei liknar desse tradisjonelle kleda.
Tradisjonar
Ainuar mini|venstre|Ainudrakt av borkeklede frå 1800-talet.
Tradisjonelle borkeklede i ainukulturen er vovne, men blir framstilte på liknande vis som andre typar. Det blir i stor grad laga av fibrar frå almeslaget Ulmus laciniata.
Austronesia Før utviklinga av vovne tekstilar var borkeklede av tre frå morbærfamilien (Moraceae) ein viktig del av den pre-austronesisk og austronesiske materielle kulturen i yngre steinalder. Steinreiskapar til å banka bork med er rekna som ein viktig del av «den austronesiske verktøykassa». Det er funne ei mengd av desse i Perleflod-bassenget i Sør-Kina, som blir rekna som ein del av opphavsområda til austronesiske folkeslag før dei byrja å flytta til øyar under den austronesiske ekspansjonen (ca .3000 til 1500 f.Kr.). Det eldste dømet, som er funne i Dingmo-området i Guangxi, er datert til ca. 5900 f.Kr. Dei blei spreidde saman med austronesiske reisande til øyar i Søraust-Asia, Oseania (med unntak av Mikronesia) og Madagaskar. Genetiske studiar av papirmorbærpopulasjonene i Stillehavet har alle bekrefta nær slektskap til folkesetnadene på Taiwan og i Sør-Kina.
Sjølv om det finst ei mengd av slike tekstilar ved arkeologiske funnstader i Søraust Asia, har borkeklede stort sett forsvunne i regionen ettersom dei blei erstatta av vovne tekstilar. Men dei overlevde til rundt 1800-talet i dei fjerne regionane av den austronesiske ekspansjonen, særleg i Øy-Melanesia og Polynesia, og i det indre høglandet på Borneo. Nokre samfunn i Søraust-Asia har gjenoppliva produksjonen. I den tradisjonelle landsbyen Monbang på Alorøya i Indonesia kan turistar sjå medlemmar av folkegruppa kabola som brukar borkeklede og dansar tradisjonelle dansar.
Indonesia mini|Drakt i borkeklede frå Sulawesi.
I tillegg til tapa-klede frå Sulawesi, blir daluang laga på Java av papirsmorbærbork, òg kalla kulit kayu, og nytta til sarongar, tunikaer, hovudplagg og andre gjenstandar. Daluang er viktige i framføring av dramatypen wayang, særleg wayang beber.
Borkeklede frå Sulawesi blir kalla fuya, og har vore brukt for viktige riter som pubertet, ekteskap og død i minst 4000 år. Produksjonen har nesten forsvunne i Indonesia. Weltmuseum Wien har ei samling av hundrevis av borkeklede, som hevdar at bruken gjekk ned over tid på grunn av kristning, islamisering, modernisering og utbreiinga av vaskbare vovne tekstilar.
Uganda mini|venstre|Mann haustar innerbork i Uganda. Ein har framstilt borkeklede i Uganda i fleire hundreår. Dette er den einaste representanten for Uganda på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
I Uganda blir kledet laga av bork frå Ficus natalensis-treet. Borkeklede var hovudkledet nytta av folk i Buganda, Bunyoro, osb. fram til arabiske handelsfolk introduserte bomull- og silketøy på byrjinga av 1840-talet, rundt tida då Kabaka Ssuuna II var herskar.
Vietnam Produksjonen av borkeklede kan ha opphav i Søraust-Kina, i ein region nær Vietnam. Søraust-Kina var utgangspunktet for mange folk, inkludert grupper som vandra ut til Vietnam. I heile det gamle Vietnam blei det laga borkeklede i stor utstrekning. praksisen med å laga denne typen klede har overlevd til moderne tid i nokre få landlege område i Vietnam.
Sjå òg Bastfiber Bastsko Lagetta lagetto
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Barkcloth» frå , den 19. september 2026.
Kategori:Planteprodukt Kategori:Vovne stoff