Trutnov okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Hradec Králové kraj i Tsjekkia. Det ligg nord i regionen og grenser i vest mot Liberec kraj, i nord mot Polen.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Trutnov okres:

Dvůr Králové nad Labem SO Trutnov SO Vrchlabí SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Dvůr Králové nad Labem SO 27 231 26 645 26 152 Trutnov SO 65 172 63 379 60 863 Vrchlabí SO 28 374 28 150 26 515 Trutnov okres 120 777 118 174 113 530

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Trutnov 29 054 Dvůr Králové nad Labem 14 950 Vrchlabí 11 928 Úpice 5 338 Hostinné 4 128 Žacléř 2 893 Rtyně v Podkrkonoší 2 876 Svoboda nad Úpou 1 937 Pilníkov 1 182 Špindlerův Mlýn 1 059 Pec pod Sněžkou 660 Janské Lázně 656

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Trutnov Trutnov