Elsfjord kyrkje er ei kyrkje sørenden av Elsfjorden i Elsfjord sokn i Vefsn kommune. Kyrkja er ei langkyrkje, bygd i tre i 1955.
Soknet deler sokneprest med Drevja sokn.
Elsfjord høyrde frå gammalt til Hemnes sokn. Ved kgl.res. 5.4.1929 vart Hemnes sokn delt i to sokn, Elsfjord, tilsvarande heradet med same namn, og Hemnes, som omfatta dei nye herada Hemnes og Sør-Rana. Ved kgl.res. 5.2.1965 vart Elsfjord sokn overført til Vefsn prestegjeld.
Elsfjord kyrkjegard er mykje eldre enn kyrkja, og ligg nokre hundre meter nord for kyrkja. mini|Interiørbilete frå Elsfjordkyrkja
Bakgrunnsstoff Elsfjord kyrkje Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Vefsn Kategori:Kyrkjer i Indre Helgeland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1955 Kategori:Kulturminne i Vefsn Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme